Ingeniørbataljonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingeniørbataljonen
Land Noreg
Aktiv1987–no[1]
Grein Hæren
TypeBataljon
RolleIngeniør
Storleik700 tilsette
Del av Brigade Nord
Garnison/HKSkjold garnison
KallenamnINGBN
Beretflash

Ingeniørbataljonen (INGBN) er ein taktisk kampstøttebataljon i Brigade Nord. Støtteavdelinga leverer operative ingeniørkapasitetar til Hærens operasjonar. Ingeniørbataljonen har som oppgåva å syta for at Brigade Nord kjem seg fram, uansett hindring. Bataljonen held til på Skjold garnison i Troms.[2]

Ingeniørbataljonen består av om lag 660 soldatar og befal fordelt på sek kompani. Soldatar i bataljonen bruker, på lik linje med andre soldatar i Brigade Nord, den blå brigadebereten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I etterkrigstida hadde Hæren fleire ingeniørkapasitetar, spreidd utover fleire avdelingar. Ikkje før i 1980 hadde leiinga i Brigaden testa ut korleis ein fullskala ingeniørbataljon skulle organiserast og fungera. Ingeniørbataljonen vart dimed ei vidareføring av eldre kampstøtteavdelingar i Nord-Noreg. Bataljonen oppstod under Hærens store omlegging i november 1984, «Struktur 90», og Stortingspreposisjon nr 97, då Ingeniørkompaniet vart slege saman med ABC-troppen (TLF) og Maskintroppen (HÅL INGBN).[3][4] Likevel var Ingeniørbataljonen ikkje etablert i praksis før 1. januar 1987.[1]

Bataljonen overtok materiell frå dei samanslegne avdelingane og offiserane derifrå. Bataljonen bestod av om lag 420 mann ved slutten av 80-talet. Utover 90-talet framstår Ingeniørbataljonen som meir slagkraftig enn ved oppstarten av Ingeniørkompaniet i 1953, sidan avdelinga fekk fornya materiellet og fekk større kunnskapar innan ingeniørfaget.[5]

Under vinterøvinga Anchor Express i 1986 vart 31 vernepliktige soldatar tekne av eit ras ved Stuora Bálak i Vassdalen. Ein tropp i Ingeniørkompaniet fekk ordre om å grava ei beltevogntrasé gjennom dalen. Trass rasfare og uvêr gav troppsbefalet ordre om å gjera jobben, etter ordre frå høgare hald. 16 mann mista livet.[6][7]

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Bataljonsstab

Bataljonsstaben er leiinga i bataljonen. I strid og under oppdrag er staben i kommandoplassen til bataljonen, der dei plasserer stormingeniørlag, bataljonsnettet og logistikk. Bataljonen er leia av bataljonssjefen.

  • Ingeniørkompani 1
  • Ingeniørkompani 2
  • Ingeniørkompani 3 (Hurtig reaksjonsstyrke), lokalisert i Rena Leir.
  • Ingeniørkompani 4
  • Ingeniørkompani 5 (Hurtig reaksjonsstyrke), lokalisert i Rena Leir.
  • Ingeniørkompani 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lundesgaard, Leif 1995, s. 134.
  2. ««Ingeniørbataljonen»». Forsvarets mediesenter. 2015. Henta 15. august 2016. 
  3. Lundesgaard, Leif 1995, s. 101.
  4. Breidlid; Oppegaard; Torblå 1990, s. 396.
  5. Lundesgaard, Leif 1995, s. 137.
  6. Veum, Eirik; Hotvedt, Signe Karin (5. mars 2016), «Tilbake i Vassdalen 30 år etter tragedien», NRK, henta 4. august 2016 
  7. Lundesgaard, Leif 1995, s. 363.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Breidlid, Olav; Oppegaard, Tore H.; Torblå, Per (1990); Hæren etter andre verdenskrig. 1945-1990 Oslo: Fabritius Forlag ISBN 82-90545-16-9
  • Lundesgaard, Leif (1995); Brigaden i Nord-Norge. 1953–1995 1. utgåve, Oslo: Elanders Forlag ISBN 82-90545-51-7