Hæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå hær.
Hæren
Norwegian army coat of arms.svg
Land Noreg
Aktiv 1628[1]–no
Grein Hæren
Rolle Armé
Storleik 8 800 soldatar og offiserar
Garnison/HK Bardufoss
Motto Respekt, ansvar, mot

Hæren er den største av fire forsvarsgreiner i det norske forsvaret, med om lag 9000 soldatar. Hæren er også den eldste militære greina i Noreg, som vart offisielt grunnlagt i vinteren 1628 av kong Christian IV.[2] Hæren har hovudansvaret for suverenitet over det norske landterritoriet. Geografisk sett er Hæren plassert i nord og sør. I nord har Hæren sin hovudstyrke, Brigade Nord, i Sør-Troms og grensevakt i Aust-Finnmark. I sør har Hæren ein hovudstyrke ved Østerdalen garnison og i Oslo, med ei rekke ulike avdelingar.[1] Den største og viktigaste avdelinga til Hæren er Brigade Nord, med om lag 5000 soldatar.[3][4] Hovudoppgåva er først og fremst å sikra eit statleg landforsvar for Noreg. Hæren skal òg bidra til Forsvarets krigsførebyggande rolle og krisehandtering gjennom å forhindra og motstå militære åtak. Ved krig, konfliktar, krisar eller eventuelle katastrofar skal Hæren sikra mottak av og samvirka saman med allierte styrkar i gjenopprettinga av territoriell integritet.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Norsk militærhistorie

Vikingtid og høgmellomalder[endre | endre wikiteksten]

Leidangen til jarl Håkon Sigurdsson og jarl Eirik Håkonsson i kamp mot hæren til Danmark ved Hjørungavåg i 986. Illustrasjon av Halfdan Egedius (1899).

Offisielt vart Hæren stifta som ein moderne armé og militærorganisasjon i 1628. Militære ordningar kan likevel sporast heilt tilbake til vikingtida. Ulike høvdingar hadde eigne krigsmenn for forsvar og okkupasjon. Mellom 866 og 872 la Harald Hårfagre store delar av Noreg under seg med ein militær landsstyrke. Kongens nærmaste var tidleg organisert i hirda; delar av hirda bestod av yrkessoldatar og kongen sine livvaktar.[2] Harald Hårfagre krona seg til konge av Noreg, og styrte dei sørlege delane av Noreg til 930-talet, då Eirik I Blodøks overtok makta ein kort periode. Desse kongane kunne legitimera sitt eige regime med hirda, ein personleg væpna styrke. Etterfylgjaren Håkon den gode måtte ta i bruk militærstyrkane sine då han kom i konflikt med høvdingar frå Trøndelag på 950-talet. Kong Håkon I innførte òg leidangen, i områda knytt til Gulatinget og Frostatinget.[5][6][7] Leidangen var ei forsvarsordning kor den regjerande kongen kunne beordra frie bønder, fiskarar og byfolk til militærteneste, i form av å utrusta skip eller til å stilla til krig. Dersom kongen trong militære styrkar til å forsvara riket hadde han rett til å kalla ut leidangen. Naturleg nok vart leidangen nytta til å handheva kongens suverenitet.[2] Kong Håkon måtte fleire gongar verja kongeriket mot Eirikssonane: I 954 vann han eit slag ved AvaldsnesKarmøy med ein hær beståande av tenestegjerande bønder. Bruken av statleg militærmakt vart ikkje redusert utover 1000-talet. Olav I Tryggvason brukte hæren sin til å kristna store delar av Noreg.[8] Kong Olav I og store delar av hæren falt ved slaget ved Svolder i år 1000.[9]

Under vikingtida var det sjeldan at Noreg hadde ein statleg hær; militære styrkar var heller knytt til kongar. På 1100-talet fór Sigurd Jorsalfare med ein hær på 5000 mann til Jerusalem. Store delar av krigsutbyttet lét han vera i Konstantinopel.


Under kong Håkon Håkonsson roa konfliktane seg. Han gjenetablerte ein nasjonal hær utover 1200-talet. På 1270-talet kunne kongen henta tenestemenn frå Noregs fire lovområde: Frostatinget, Gulatinget, Borgartinget og Eidsivatinget. Desse hadde utvikla militære strukturar. Under kong Magnus Håkonsson si landslov vart militærordninga også innlemma i lovverket. Blant anna fekk elitesoldatane i hirda privilegium. Norske elitesoldatar lét seg verva til leigesoldatar i England og Bysants.[2]

Seinmellomalder[endre | endre wikiteksten]

Frå 1200-talet til 1500-talet var hirda ikkje berre kongens nærmaste tenestemenn, dei var òg militærapparat som hevda rettar og suverenitet både innan- og utanlands.[5] Leidangen var likevel mest sentral i det norske militærorganisasjonen i mellomalderen. I 1273 vart ei ny militærordninga sett i verks, kor hirda og leidangen vart supplert av elitesoldatar stilt av storbønder.[2] Noreg fekk altså eit føydalt system.

På 1350-talet, då Svartedauden hadde herja landet, stod Noreg svakt. 60 % av folkesetnaden vart ofre for pesten.[10] I 1355 overtek Håkon VI Magnusson trona, den andre norske kongen av den svenske Folkungaætta. Kong Håkon regjerer både i Noreg og Sverige til 1380. Den svensk-norske kongefellesskapen tok slutt i 1380 då Danmark okkuperte både Götaland og overtok den norske trona.[11] Under den danske okkupasjonen og i Kalmarunionen hadde ikkje Noreg ein hær; det var Danmark som administrerte dei militære styrkane. Norske leigeknektar på dei norske festningane hadde ansvaret for å forsvara landet på 1400-talet. Hundre år seinare kjem leidangen i bruk då Danmark-Noreg gjekk til åtak på Sverige i den nordiske sjuårskrigen i 1563.[2]

Danmark-Noreg[endre | endre wikiteksten]

Christian IV etablerte den norske hæren i 1628.

Norske bygder vart lovpålagt våpenplikt i 1604, slik at unionen kunne ta i bruk styrkar av norske bønder i tillegg til den danske hæren for å beskytta seg mot Sverige. Kong Christian IV etablerte den moderne norske hæren gjennom hærordinansen av 18. januar 1628. Avgjerda om å etablera ein norsk militær institusjon var eit direkte følge av den mislukka dansk-norske krigføringa mot Det tyske keisarriket under Trettiårskrigen i 1625.[2][12] Denne armeen baserte seg på ein såkalla legdshær, som inneber at utskrivinga var knytt til jordeigedom: Fire gardar, som utgjorde éin legd, hadde ansvaret for å halda éin soldat med kost og utstyr.[2][5]

Christian IV frykta at tyske soldatar skulle invadera Noreg, og ville sikra seg for militært overfall. Men kort tid etter, i 1629, stansa planlegginga av hæren opp, då det vart fred mellom Danmark-Noreg og Det tyske keisarriket.[2][13] Under hærordninga av 1641 vart den norske hæren reetablert. I motsetnad til Danmark-Noreg, hadde Sverige stor suksess under Trettiårskrigen. Hærordinansen frå 1628 regulerte fleire forhold ved organiseringa av legdshæren; troppane vart oppsett i regiment og kompani. Fem regiment skulle opprettast:

  • Trondhjemske regiment
  • Bergenshusiske regiment
  • Tunsbergske regiment
  • Akershusiske regiment
  • Båhusiske regiment

I tillegg vart 4 faner oppretta utanfor regimentforbandet: Stavangerske frie fane og Agdersiden frie fane. Desse danna i 1641 grunnlag for eit sjette regiment, Stavangerske regiment.[2] I 1645 bestod den norske hæren av 10 000 mann. Sidan regimenta var knytt til distrikta, vart Hæren ein lokal institusjon, med forankring og rekruttering frå nærområda. Dei seks regimenta i Hæren bestod hovudsakleg av infanteri; andre våpengreiner kom noko seinare, først eit nasjonalt kavaleri i 1663 og artilleri i 1658.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Krigsførebyggande brigade i Tyskland[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tysklandsbrigaden

Den kalde krigen[endre | endre wikiteksten]

Nedrusting og modernisering[endre | endre wikiteksten]

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

Hæren er samansett av mange ulike avdelingar; mange av desse er utdanningsinstitusjonar, medan det er kampavdelingane som utgjer den største delen. Hæren består av 4 kampavdelingar: Hans Majestet Kongens Garde, Garnisonen i Sør-Varanger, Panserbataljonen, 2. bataljon og Telemark bataljon.

Brigade Nord[endre | endre wikiteksten]

Manøverbataljonar
Støttebataljonar

Utdanningsinstitusjonar[endre | endre wikiteksten]

Øvrige beredskapsstyrkar[endre | endre wikiteksten]



Garnisonar[endre | endre wikiteksten]

Nord[endre | endre wikiteksten]

Sør[endre | endre wikiteksten]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Materiell[endre | endre wikiteksten]

Materiellet i Hæren er veldig variert; noko er veldig moderne og

PBU[endre | endre wikiteksten]

(PBU)

Handvåpen[endre | endre wikiteksten]

  • FN Minimi, maskingevær (5,56 x 45 mm)
  • MG-3, maskingevær (7,62 × 51 mm)
  • M-2 Browning, mitraljøse (12,7 x 99 mm)

Artilleri og missilar[endre | endre wikiteksten]

  • Eryx, panservernrakett
  • TOW, panservernrakett
  • RFK, panserverngranat
  • M-72, panservernrakett

Pansra køyretøy[endre | endre wikiteksten]

  • CV9030N, stormpanservogn
  • Leopard 1, stridsvogn
  • Leopard 2, stridsvogn
  • Sisu, pansra personelkjøretøy
  • M-113, pansra personelkjøretøy
  • M-577, pansra personelkjøretøy (hovudkvarterversjon)
  • M-109, pansra sjølvdrive artilleri

Andre køyretøy[endre | endre wikiteksten]


Rangsystem[endre | endre wikiteksten]

Våpenartar[endre | endre wikiteksten]

  • Kamp
    • Infanteri
    • Kavaleri
    • Artilleri
    • Luftvernartilleri borte 2005
  • Leiing og støtte
    • Ingeniørvåpen
    • ISTAR
  • Logistikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Leraand, Dag; Rein, Torolf (2015), «Hæren», Store Norske Leksikon, https://snl.no/H%C3%A6ren, henta 23. oktober 2015 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 2,9 Leraand, Dag (2015), «Hærens historie», Store Norske Leksikon, https://snl.no/H%C3%A6rens_historie, henta 22. oktober 2015 
  3. «Hæren». Forsvarets mediesenter. Vitja 21. oktober 2015.
  4. Jakobsen, Rune m.fl. (13. september 2009), «Brigade Nord – en illusjon?», Offisersbladet, http://offisersbladet.no/index.php/site/comments/brigade_nord_en_illusjon/, henta 20. desember 2014 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Forsvarets historie». Forsvarets mediesenter. Vitja 27. oktober 2015.
  6. «Håkon 1 Adalsteinfostre». Store Norske Leksikon. Vitja 25. oktober 2015.
  7. Andersen, Per Sveaas (10. februar 2015), «Leidang», Store Norske Leksikon, https://snl.no/leidang, henta 24. oktober 2015 
  8. Bagge, Sverre (1956), «Helgen, helt og statsbygger – Olav Tryggvason i norsk historieskrivning gjennom 700 år», Institutt for Arkeologi, Historie, Kultur- og Religionsvitenskap, Universitetet i Bergen, https://bora.uib.no/bitstream/handle/1956/647/Helgen,%20helt%20og%20statsbygger.pdf?sequence=1, henta 25. oktober 2015 
  9. Krag, Claus (2009), «Olav 1 Tryggvason», Norsk biografisk leksikon, https://nbl.snl.no/Olav_1_Tryggvason, henta 25. oktober 2015 
  10. Amoriza, Silje Een de; Madsen, Sigv. Tschudi (2015), «Svartedauden», Store Norske Leksikon, https://snl.no/svartedauden, henta 28. oktober 2015 
  11. Orning, Hans Jacob (2015), «Norges historie», Store Norske Leksikon, https://snl.no/Norges_historie, henta 27. oktober 2015 
  12. Lockhart, Paul Douglas (2007). Denmark, 1513–1660: the rise and decline of a Renaissance monarchy. Oxford University Press. s. 166. ISBN 0199271216. 
  13. Lockhart, Paul Douglas (2007). Denmark, 1513–1660: the rise and decline of a Renaissance monarchy. Oxford University Press. s. 170. ISBN 0199271216. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]