Inger Marit Eira-Åhrén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inger Marit Eira-Åhrén

Fødd11. januar 1974 (50 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, sjukepleiar

Inger Marit Eira-Åhrén (fødd 11. januar 1974) er ein norsk samisk sjukepleiar og politikar for Arbeiderpartiet. Ho vart tilsett som direktør i Sametinget i Noreg i 2020.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Eira-Åhrén kjem opphavleg frå Kautokeino i Finnmark, men har budd i Røyrvik i Nord-Trøndelag sidan tidleg på 2000-talet.[1] Eira-Åhrén var politisk rådgjevar i Sosial- og helsedepartementet 2000–2001 og medlem av Røyrvik kommunestyre 2007–2011.[2] Frå 2011 var ho medlem av Nord-Trøndelag fylkesting. Ho er leiar i fylkestinget sin komité for utdanning, kultur og helse, leiar i områdestyret for Nord-Trøndelag reinbeiteområde og nestleiar i styret i Helse Nord-Trøndelag HF.[3][4] Eira-Åhrén gjekk ut av politikken i 2018. I september 2020 vart ho tilsett som direktør for det norske Sametinget.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aslaksen, Eilif (27. august 2012). «Svarte nei til sameministeren». NRK Sápmi. Henta 27. februar 2013. 
  2. Ballovara, Mette (13. september 2011). «Nå blir hun fylkespolitiker». NRK Sápmi. Henta 27. februar 2013. 
  3. «Inger Marit Eira-Åhrén». Nord-Trøndelag fylkeskommune. Arkivert frå originalen 18. mai 2012. Henta 27. februar 2013. 
  4. Aslaksen, Eilif (27. juni 2012). «De mest aktuelle kandidatene». NRK Sápmi. Henta 27. februar 2013. [daud lenkje]
  5. «Inger Marit Eira-Åhrén tilsettes som direktør i Sametinget». Sametinget. 29. april 2020. Henta 1. mars 2023.