Kautokeino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kautokeino
Guovdageaidnu
tettstad
Kautokeino med Kautokeino kyrkje.jpg
Kautokeino med Kautokeino kyrkje.
Foto: Giorgio Montersino
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Kautokeino
Areal 2,45 km²
Folketal 1 445 (2017)
Folketettleik 590 / km²
Postnummer 9520 KAUTOKEINO

Kautokeino
69° N 23° E
Wikimedia Commons: Kautokeino tettsted

Kautokeino (nordsamisk Guovdageaidnu) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kautokeino kommune, sør i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Tettstaden ligg på begge sidene av Kautokeinoelva og har 1 445 innbyggjarar per 1. januar 2017, som er om lag halvparten av folketalet i kommunen.

I Kautokeino finst kommunehuset og servicetilbod, som daglegvarebutikk og bensinstasjon. I sentrum ligg Samisk høgskole og Samisk videregående skole og reindriftsskole. Sør for sentrum står Kautokeino kyrkje, på austsida av Kautokeinoelva.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden ligg på 23. austlege lengdegrad, noko m.a. byen Alta og tre tettstadar i Alta kommune også gjer: Tverrelvdalen, Rafsbotn og Amtmannsnes. Tettstaden si høgd over havet er 319±1 meter.[treng kjelde]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kautokeino er kjend for å vere heimstaden til Kautokeinoopprøret i 1852, eit opprør mot norsk framferd i Sameland.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 93 forbind tettstaden Kautokeino til Alta i nord, via Máze (Masi). Sørover fører riksvegen til riksgrensa mot Finland, med vidare forbindelse til Enontekiö.[1] Nord for tettstaden ligg Kautokeino flyplass, ei tidlegare militær flystripe.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kautokeino». Store norske leksikon. 28. oktober 2019. Henta 21. januar 2020.