Ingolv Arnarsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ingolf Arnarsson)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingolv Arnarsson
Iceland 2008-05-27 (2677014699).jpg
Minnesmerke på staden der Igolv Arnarsson skal ha gått i land.
FøddRivedal
DødReykjavík
LandNoregsveldet, Den islandske fristat
EktefelleHallveig Fróðadóttir
BarnÞorsteinn Ingólfsson

Ingolv Arnarsson (norrønt Ingólfr Arnarson, også kalla Ingolv Ørnsson) er halden for å vere den første norrøne busetjaren på Island. I fylgje dei islandske kjeldene hadde han reist ut frå «Fjalir» i Fjordane i Noreg.[1]

Ingolf tager Island i besiddelse av Johan Peter Raadsig (1850)

Nordmannen Ingolv var ikkje den første frå Norden som vitja og levde på Island. Landnåmaboka hevdar at den første norrøne mannen som sette beina sine på Island var ein nordmann frå Agder ved namn Naddodd. Men Naddodd vart berre ei kort tid på øya, og då han drog attende til Noreg kalla han øya for «Snølandet» (Snæland). Ei tid etter kom ein svenske, Gard Svavarsson, ein gong rundt 860 då ein storm bles skipet hans så langt nord at han nådde den austlege kysten av Island.

Ingolv busette seg sør for Reykjavík, seier Íslendingabók, i 874. Det markerte byrjinga på landnåmstida som varte til rundt år 930, ein periode der mange norrøne menn og kvinner busette seg på Island.

Då Ingolv nådde den ubebudde øya kasta han i følgje Íslendingabók ættestolpane over bord og på den staden der dei vart skylt i land av bølgjene bestemte han seg for å setje bu. Dette var den første permanente busetjinga på Island.

I 1907 vart det reist ei statue av han i Reykjavík, utforma av Einarr Jonsson. I 1961 vart ein kopi av monumentet sett opp i Rivedal langs fylkesveg 609 på nordsida av Dalsfjorden i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane.[2][3]

Rivedal i Askvoll med kopi av minnesmerket over Ingolv Arnarsson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hermund Kleppa. «Island - Minnesmerke over Ingolv Arnarson i Rivedal». Sogn og Fjordane Fylkesarkiv. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. 
  2. Ingolfr Arnarson, NRK.no - Fylkesleksikon, henta 18. mai 2022 
  3. NRK om Ingolfr Arnarson