Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nytt våpen for Agder fylke som vil vera gjeldande frå 1. januar 2020.

Agder er ein landsdel i Noreg som omfattar Aust-Agder fylke og Vest-Agder fylke, òg kalla Agderfylka. Langs kysten strekkjer Agder seg frå Sira ved grensa til Rogaland fylke til Gjernestangen ved grensa til Telemark fylke. «Hovudstaten» i Agder er byen Kristiansand. Etter kvart har nemninga Sørlandet vorte teke i bruk på denne landsdelen. Agder var eigentleg eit småkongedøme (Agðir) og seinare eit fylke (Egða fylki) under Gulatingslova.

Folket på Agder vert kalla egdene (aust-egdene og vest-egdene). Merk at ein seier «på Agder» og ikkje «i Agder».

Omgrepet Agder er historisk mest bruka om kystststripa, til skilnad frå innlandsområda Råbyggelag (med Setesdal).

Tidlegare vart området rekna som ein del av Vestlandet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]