Ingrid Dokka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Dokka
Fødd 11. mars 1961 (60 år)
Kongsberg
Yrke filmregissør, skribent

Ingrid Kristin Dokka (fødd 11. mars 1961) er ein norsk skribent, filmhistorikar og regissør.

Dokka er utdanna ved UiO, med hovudfag i medium og kommunikasjon (1993).[1][2] Ho har arbeidd med film og filmdistribusjon ved Norsk filminstitutt og som filmkonsulent ved Nordnorsk filmsenter.[3] I 2020 gjekk Dokka frå Nordnorsk filmsenter i Tromsø til Kristiansand, der ho vart leiar for Sørnorsk filmsenter.[3] Ho er æresmedlem av Norsk filmkritikerlag[4] og har blant anna skrive for Klassekampen og Filmtidsskriftet Z. Ho sat i juryen ved utdeling av den internasjonale filmprisen Human Rights Human Wrongs under HUMAN internasjonale dokumentarfilmfestival i 2019.[1][5]

Dokka debuterte som regissør med dokumentarfilmen Line D.Pedersen - portrett av ei kvinne (1986/7). Deretter laga ho dokumentarfilmane Ingen rød løper (1989) og i samarbeid med Jan Åsmund Jakobsen og Olaf Storø Isbjørn i magen – ild i hjertet (2009).[6] I 2015 kom filmen Hjerte i jazzen, som ho laga saman med Jørn Stenersen og Hans Morten Wærp.[7]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1986: Line D.Pedersen-portrett av en kvinne
  • 1988: Ingen rød løper
  • 2009: Isbjørn i magen-ild i hjertet
  • 2015: Hjerte i jazzen

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 Jeg ser alt i bilder. Norsk filminstitutt.
  • 2014 Signatur. Akademisk fagforlag.
  • 2015 Visions of Sápmi. Arthub Publisher.
  • 2015 100 kvinner. Museumsforlaget.
  • 2015 Ta det som en mann, da frue. Emila forlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 https://montages.no, Montages |. «Montages - vi som elsker film» (på norsk). Henta 17. april 2021. 
  2. «Kvinnefilm: Sterke kvinner - Uniforum» (på norsk). Henta 17. april 2021. 
  3. 3,0 3,1 Grønvoll, Eline (7. juni 2020). «Hvordan har koronaen påvirket oss? Det har over 100 nordnorske filmskapere forsøkt å finne ut.» (på norsk bokmål). Henta 17. april 2021. 
  4. «Æresmedlemmer i Norsk filmkritikerlag – Norsk filmkritikerlag» (på norsk bokmål). Henta 17. april 2021. 
  5. «Her er årets juryer» (på norsk bokmål). 31. januar 2019. Henta 17. april 2021. 
  6. «Galleri Svae –». Henta 17. april 2021. 
  7. «Hjerte i jazzen» (på norsk bokmål). 3. juli 2015. Henta 17. april 2021.