Ingrida Šimonytė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrida Šimonytė

Fødd15. november 1974 (49 år)
Vilnius
Statsborgar avLitauen
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Vilnius
Utdanna vedVilnius Žirmūnai Gymnasium
Universitetet i Vilnius
Handelshøyskolen i Stockholm
Alle verv
  • Litauens statsminister (2020–) Sjå dette på Wikidata

Ingrida Šimonytė (fødd 15. november 1974 i Vilnius) er ein litauisk økonom, universitetslærar og politikar for Tėvynės sąjunga. Ho er statsminister i Litauen frå 24. november 2020.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Šimonytė var finansminister frå 2009 til 2012. I 2013 vart ho vald som nestleiar av den litauiske sentralbanken, men gjekk av då ho i 2016 vart vald som representant i det litausike parlamentet, Seimas.[1][2]

Ingrida Šimonytė var kandidat ved presidentvalet i Litauen i 2019, der ho tapa i andre valomgang for Gitanas Nausėda. Ho posisjonerte seg før valet som ein politikar av «klår tale», og hadde oppslutnad særleg blant unge, urbane veljarar. Utanrikspolitisk stod ho for ei fortsetjing av politikken til avtroppande president Dalia Grybauskaitė, særleg med omsyn til å vise ei fast haldning mot Russland.[3]

Tėvynės sąjunga vann valet i oktober 2020, og Šimonytė vart fremja som statsministerkandidat i ei koalisjonsregjering danna av Tėvynės sąjunga, Lietuvos Respublikos Liberalų sąjūdis og Laisvės partija.[4][5] Šimonytė tiltredde som statsminister 24. november 2020.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «After Restoration of Independence». finmin.lrv.lt (på litauisk). Henta 1. mai 2019. 
  2. «Seimas hjemmeside». www.lrs.lt. Henta 1. mai 2019. 
  3. Antanavičius, Ugnius. «Kandidatai be grimo: I.Šimonytė – apie meilę Naujininkams, brolius Coenus ir santechniką». 15min.lt. Henta 1. mai 2019. 
  4. «Lithuanian president wishes Simonyte success in taking on PM's role». www.baltictimes.com. Henta 1. november 2020. 
  5. «Lithuania’s new government: Women-led coalition wins confidence in difficult times». Atlantic Council (på engelsk). 30. oktober 2020. Henta 1. november 2020. 
  6. «Lithuanian parliament approves Simonyte for prime minister». The Baltic Course | Baltic States news & analytics. 24. november 2020. Henta 24. november 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ingrida Šimonytė