Innhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°01′24″N 15°55′03″E

Innhavet sett mot nordaust frå Straumsnesøya.
Foto: TorbjørnS (2011)

Innhavet er ein fjordarm av Sagfjorden i Hamarøy kommune i Nordland. Fjorden ligg på nordaustsida av Finnøya og har ei lengd på 12 km.

Fjorden har innløp ved Røttangsstraumen i vest og går først nordover langs austsida av Finnøya. og Finnøya i aust. Her går fleire djupe viker innover mot aust, Trollpollen og to stykk som begge heiter Sagpollen. Fjorden går så vestover på nordsida av Finnøya til Kaldvågstraumen. På andre sida av dette sundet ligg Kaldvågfjorden. På nordsida av neset Hopen går fjorden enno litt lenger vest til Austre Kaldvåg.

E6 går langs delar av austsida av fjorden.