Hopp til innhald

Sagfjorden ved Vestfjorden

Koordinatar: 67°58′08″N 15°34′01″E / 67.96889°N 15.56694°E / 67.96889; 15.56694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°58′08″N 15°34′01″E / 67.96889°N 15.56694°E / 67.96889; 15.56694

Skutvik med Sagfjorden i bakgrunnen.

Sagfjorden er ein fjord i Steigen og Hamarøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 26 km austover til Tømmerneset i botn av fjorden.

Fjorden ligg aust for øyane Engeløya og Lundøya i Steigen og sør for Hamarøya. Fjorden har innløp via Økssundet i nord mellom Hamarøya og Lundøya, Skagstadsundet i vest mellom Lundøya og Engeløya og Skjettenfjorden mellom Engeløya og fastlandet. Ved Økssundet ligg Skutvik på nordsida og frå her går det ferje over Vestfjorden til Svolvær.

Midt i fjorden ligg den nesten 20 km lange Finnøy. Nord for denne ligg Kaldvågfjorden og Innhavet. Andre fjordarmar er Skjettenfjorden og Straumfjorden på sørsida.

Riksveg 835 går langs sørsida av fjorden, medan Fv662 går på nordsida på Finnøya. Lengst aust går E6.