Inntian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°43′56″N 8°53′50″E Inntian er ei øy i Frøya kommune i Trøndelag. Ho ligg vel 300 meter aust for kommunesenteret Sistranda. Lenge var det snakk om å etablere ferjesamband til øya, men det vart med ein innkjøpt ferjelem som i dag vert nytta som kai på Inntian. Øya hadde 200 fastbuande på det meste, men husar i dag berre nokre få fastbuande, men godt over 100 ferierande om sommaren.

Nord på øya ligg naturreservatet «Stormyra» som har vore freda sidan 1990. Det er ei lita kystmyr på vel 0,5 km². Øya generelt er verna mot tekniske inngrep.

Ved Lamøyvågen vest på øya vart det i 1990 reist ein bauta laget av Petter Reppe til minne om dei 50 åra det var gått sidan ein tredel av av Noregs Bank si gullbehaldning vart lasta om på M/K Alfhild og M/K Stølvåg før den vidare transporten nordover. Noregs Bank medverka til at bautaen vart reist.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]