Insula Haţeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Haţeg var ei stor øy i Tethyshavet i krittida. Ho låg i eit område som i dag består av Haţeg i Romania. Ho vart danna av tektonisk heving då Alpane vart danna mot slutten av krittida. Det er funne fossil av små dinosaurar i fjellet på det som var øya.

Ein meiner at øya var så pass isolert at det var ni dinosaurartar og ein pterosaurart som var stadeigen på øya. Dei fleste av desse var mindre utgåver av dei som levde på fastlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]