Krittida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krittida
145.5–65.5 millionar år sidan
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 30 vol %[1]
(150 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 1700 ppm[2]
(6 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 18 °C [3]
(4 °C over dagens nivå)
Hendingar i krit
sjå • diskuter • endre
-140 —
-130 —
-120 —
-110 —
-100 —
-90 —
-80 —
-70 —
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i krittida.
Skala: Millionar år sidan.

Krittida er ein geologisk periode som varte frå slutten jura for 145,5 ± 4 millionar år sidan til byrjinga av paleocen for 65,5 ± 0,3 millionar år sidan. Han er den yngste perioden i æraen mesozoikum og med ei lengd på 80 millionar år er han den lengste perioden i eonet fanerozoikum. Slutten av krit er definert som grensa mellom mesozoikum og kenozoikum.

Krittida har namn etter krit.[4] Ho vart først definert som ein eigen periode av den belgiske geologen Jean d'Omalius d'Halloy i 1822 ved hjelp av strata i Parisbekkenet[5] og kalla opp etter dei omfattande kalklaga (kalsiumkarbonat-avleiringar av skjel frå virvellause sjødyr, hovudsakleg coccolittar) i øvre krit-lag i på det europeiske kontinentet og på Dei britiske øyane.

Kritsystemet er bergartar avsett i krit.

Datering[endre | endre wikiteksten]

Som med andre gamle geologiske periodar er det berglaga som definerer krit, men dei eksakte tidspunkta for når perioden startar og sluttar har ein feilmargin på eit par millionar år. Det var ingen store masseutryddingar som skilde krit frå jura, men slutten av perioden er godt definert, då ein finn eit globalt iridium-rikt lag over berglaga frå krit, som ein meiner kjem frå då ChicxulubkrateretYucatan og Mexicogolfen vart danna. Dette laget er datert forholdsvis nøyaktig til å vere 65,5 millionar år gammalt. Dette meteoroidenedslaget var truleg årsaka til den omfattande krit-tertiær-utryddinga.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Krit vert vanlegvis delt inn i epokane tidleg og sein krit. Desse er vidare delt inn i aldrane gjeve nedanfor, frå eldst til yngst:

Øvre/sein krit
Maastrichtium (70,6 ± 0,6 – 65,8 ± 0,3 millionar år sidan)
Campanium (83,5 ± 0,7 – 70,6 ± 0,6 millionar år sidan)
Santonium (85,8 ± 0,7 – 83,5 ± 0,7 millionar år sidan)
Coniacium (89,3 ± 1,0 – 85,8 ± 0,7 millionar år sidan)
Turonium (93,5 ± 0,8 – 89,3 ± 1,0 millionar år sidan)
Cenomanium (99,6 ± 0,9 – 93,5 ± 0,8 millionar år sidan)
 
Nedre/tidleg krit
Albium (112,0 ± 1,0 – 99,6 ± 0,9 millionar år sidan)
Aptium (125,0 ± 1,0 – 112,0 ± 1,0 millionar år sidan)
Barremium (130,0 ± 1,5 – 125,0 ± 1,0 millionar år sidan)
Hauterivium (136,4 ± 2,0 – 130,0 ± 1,5 millionar år sidan)
Valanginium (140,2 ± 3,0 – 136,4 ± 2,0 millionar år sidan)
Berriasium (145,5 ± 4,0 – 140,2 ± 3,0 millionar år sidan)

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Under krit delte superkontinentet Pangea, som varte frå sein paleozoikum til tidleg mesozoikum, seg heilt opp til dagens kontinent, sjølv om posisjonane deira var ganske annleis slik dei ligg i dag. Atlanterhavet utvida seg og skapte Kordillerane og Nevadafjella i Amerika.

Gondwana framleis heilt i byrjinga av krit, men Sør-Amerika, Antarktis og Australia reiv seg laus frå Afrika (medan India og Madagaskar framleis hang i hop), og slik byrja Sør-Atlanteren og Indiahavet og dannast. Denne aktive riftdanninga førte til store undersjøiske fjellkjeder langs randane og havnivået auka globalt. Nord for Afrika vart Tethyshavet stadig smalare. Vide, grunne hav strekte seg over sentrale delar av Nord-Amerika Western Interior Seaway) og Europa, men trekte seg tilbake seint i perioden og etterlet tjukke marine avsettingar mellom kollaga. På toppen av denne transgresjonen i krittida var ein tredjedel av dagens landområde på jorda under vatn.[6]

Krit er kjend for kalk og det vart danna meir kalk i denne perioden enn noko anna periode i fanerozoikum.[7] Sirkulasjon av havvatn rundt dei store midthavsryggane tilførte hava kalsium som gjorde havet metta slik at det la seg på botn, samt at det var mykje kalkhaldige plankton.[8] Denne omfattande karbonatavsettinga og andre sedimentære avsettingar gjorde kalken ekstra fin. Kjende formasjonar frå denne tida er til dømes Dei kvite klippene ved Dover i England, Hell Creek-formasjonen i Montana i USA, og Yixian-formasjonen i Kina.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet vart avkjølt i epoken berriasium og trenden frå siste epoken i jura heldt fram. Ein har funne spor som viser at det vanleg med snøfall på høge breiddegrader og at tropane vart våtare enn i trias og jura.[9] Isbredanning hadde ein derimot berre i fjellområde på høge breiddegrader, men snødekket kan ha trekt seg lenger sør om vinteren.

Mot slutten av berriasium auka derimot temperaturane igjen og desse tilhøva heldt seg nesten konstant til slutten av perioden.[9] Den aukande temperaturen kom av kraftig vulkansk aktivitet som skapte store mengder karbondioksid. Utvikla av mange mantelplummar langs midthavsryggane førte til at havnivået auka og slik at store landområde vart dekte av grunt hav. Tethyshavet som gjekk mellom tropisk hav frå aust til vest medverka òg til å varme opp det globale klimaet. Fossil av planter som lever i varme strøk er funne så langt nord som Alaska og Grønland, medan dinosaurfossil er funne ved 75 ºS.[10]

Ein svak temperaturgradient frå ekvator til polane gjorde at ein fekk svake globale vindmønster og dette medverka til mindre oppvelling og meir stilleståande hav enn i dag. Dette ser ein igjen på dei utstrekte svartskifer laga.[11] Sedimentkjernar viser at den tropiske havoverflatetemperaturen kan ha vore så høg som 42 °C, 17 °C varmare enn i dag og i snitt var om lag 37 °C. I djuphavet var temperaturen så mykje som 15-20 °C høgare enn i dag.[12][13]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Planter[endre | endre wikiteksten]

Blomsterplanter spreidde seg i denne perioden, men vart ikkje dominerande før alderen campanium. Dei første biene dukka opp og dette medverka til utviklinga av blomsterplantene, slik at blomsterplanter og insekt er eit godt døme på koevolusjon. Dei første trea med mykje lauv, som fiken, platanar og magnoliaer, dukka først opp i krit. I tillegg treivst nokre tidlegare nakenfrøa planter som bartre, men enkelte nakenfrøa planter, som bennettitales døydde ut før perioden var over.

Landdyr[endre | endre wikiteksten]

Tyrannosaurus rex, eit av dei største landrovdyra nokon gong levde mot slutten av krit.
Ei flygeøgle, Anhanguera piscator

På land var pattedyra enno små og relativt uviktig del av dyrelivet. Faunaen var dominert av archosaure krypdyr, særleg dinosaurar, som var på sitt mest mangfaldige i krit. Flygeøgler var vanlege i tidleg og midtre krit, men mot slutten av krit møtte dei auka konkurranse frå fuglar og mot slutten av perioden var det berre to familiar igjen.

Lagerstätten Liaoning (Chaomidianzi-formajonen) i Kina har gjeve eit glimt av livet i tidleg krit, der fleire mindre dinosaurar, fuglar og pattedyr er funne. Coelurosaurar som er funne her representerer ei gruppe maniraptorar, som er ein overgang mellom dinosaurar og fuglar, og som er kjend for å ha hatt hårliknande fjør.

Under krit byrja insekta å utvikla eit mangfald, og dei eldste kjende maurane, teremittane og nokre lepidoptera, som er i slekt med sommarfuglar og møll, dukka opp. I tillegg oppstod bladlus, grashoppar og galleveps.

Sjødyr[endre | endre wikiteksten]

I havet vart rokker, moderne haiar og eigentlege beinfiskar vanlege. Av marine krypdyr fann ein fiskeøgler i tidleg og midtre krit, svaneøgler gjennom heile perioden og mosasaurar i sein krit.

Baculites, ei slekt av rettskjela ammonittar, treivst i havet. Hesperornithiformes var dykkefuglar som ikkje kunne flyg og som symde som lappdykkarar. Globotruncanide foraminifera og pigghudingar som kråkebolle og sjøstjerner treivst òg. Dei første kiselalgane dukka opp i hava omkring krit. Ferskvasskiselalgar dukka først opp i miocen. Krit var òg ei viktig tid for utviklinga av bioerosjon, som skaper hol og skraper i fjell, hardground og skjel.[14]

Utrydding[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Krit-tertiær-utryddinga.

Det biologiske mangfaldet minka stadig raskare i maastrichtium mot slutten av krit, i alderen før den økologiske krisa som vert kalla krit-tertiær-utryddinga. Det biologiske mangfaldet brukte lang tid på å kome seg att etter K-T-hendinga, trass i at det var mange ledige økologiske nisjar.[15]

Coccolitophoridar og molluskar som ammonittar, rudittar, ferskvassnigel og muslingar døydde ut, i tillegg til dyra som desse dyra var ein del av næringskjeden til. Til dømes meiner ein at ammonittar var hovudnæringskjelda til mosasaurar, ei gruppe gigantiske marine krypdyr som døydde ut på denne tida.[16]

Altetarar, insektetarar og åtseldyr overlevde utryddinga, kanskje på grunn av det var mange fleire tilgjengelege matkjelder. Mot slutten av krit ser det ut til at det ikkje var nokon reine plante- eller kjøtetande pattedyr. Pattedyr og fuglar som overlevde utryddinga levde av insekt, larver og sniglar, som igjen levde av daude planter og dyr.[17][15][18]

Dei største landdyra som overlevde hendinga, krokodillar og choristodera, var halvakvatiske og hadde tilgang til restavfall. Moderne krokodillar kan leve som åtseldyr og kan overleve i månader utan mat. Desse eigenskapane har vorte knytt til eigenskapar som gjorde at krokodillane overlevde slutten av krit.[17]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ein finn berre bergartar frå krit i Noreg på Svalbard og i eit jura- og krit-felt på Andøya. På kontinentalsokkelen dekkjer dei derimot eit stort område, hovudsakleg skifer og sandstein, og under Nordsjøen òg kalkstein. Krit-kalksteinen frå sein krit og tidleg tertiær er særleg viktig på Ekofisk-feltet, der han er ein viktig reservoarbergart for olje og gass.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. På engelsk cretacious etter latin creta som tyder 'krit'. «cretaceous», Oxford English Dictionary, 1989 
  5. Store sovjetiske leksikon (på russisk) (3. utg. utg.). Moskva: Sovetskaya Enciklopediya. 1974. s. 50. 
  6. Dougal Dixon et al., Atlas of Life on Earth, (New York: Barnes & Noble Books, 2001), s. 215.
  7. Stanley 1999
  8. Stanley 1999, s. 279-81
  9. 9,0 9,1 Berriasium
  10. Stanley 1999, s. 480-2
  11. Stanley 1999, s. 481-2
  12. «Warmer than a Hot Tub: Atlantic Ocean Temperatures Much Higher in the Past» PhysOrg.com. Vitja 25. august 2008.
  13. Skinner, Brian J. og Stephen C. Porter. The Dynamic Earth: An Introduction to Physical Geology. 3. utg.. New York: John Wiley & Sons, Inc., 1995. ISBN 0-471-59549-7. s. 557
  14. Taylor & Wilson 2003
  15. 15,0 15,1 MacLeod, N, Rawson, PF, Forey, PL, Banner, FT, Boudagher-Fadel, MK, Bown, PR, Burnett, JA, Chambers, P, Culver, S, Evans, SE, Jeffery, C, Kaminski, MA, Lord, AR, Milner, AC, Milner, AR, Morris, N, Owen, E, Rosen, BR, Smith, AB, Taylor, PD, Urquhart, E & Young, JR (1997). «The Cretaceous–Tertiary biotic transition». Journal of the Geological Society 154 (2): 265–292. doi:10.1144/gsjgs.154.2.0265. 
  16. Kauffman, E (2004). «Mosasaur Predation on Upper Cretaceous Nautiloids og Ammonites from the United States Pacific Coast». Palaios (Society for Sedimentary Geology) 19 (1): 96–100. doi:10.1669/0883-1351(2004)019<0096:MPOUCN>2.0.CO;2. Henta 17. juni 2007. 
  17. 17,0 17,1 Shehan, P & Hansen, TA (1986). «Detritus feeding as a buffer to extinction at the end of the Cretaceous». Geology 14 (10): 868–870. Henta 25. august 2008. 
  18. Aberhan, M, Weidemeyer, S, Kieesling, W, Scasso, RA, & Medina, FA (2007). «Faunal evidence for reduced productivity og uncoordinated recovery in Southern Hemisphere Cretaceous-Paleogene boundary sections». Geology 35 (3): 227–230. doi:10.1130/G23197A.1. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

«kritt – geologisk periode» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Krittida
Krit
Tidleg/nedre krit Øvre/sein krit
Berriasium | Valanginium | Hauterivium
Barremium | Aptium | Albium
Cenomanium | Turonium | Coniacium
Santonium | Campanium | Maastrichtium
Mesozoikum
Trias Jura Krit