Inverness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Inverness

skotsk-gælisk Inbhir Nis
Inverness
Inverness
Inverness
Plassering
Inverness is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Inverness
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2008)

56 660
Koordinatar 57°28′″N 4°14′″WKoordinatar: 57°28′″N 4°14′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer IV1-IV3, IV5, IV13, IV63
Telefon-retningsnummer 0 1463
Commons har multimedium som gjeld: Inverness

Inverness er administrasjonsbyen i regionen Highland i Skottland, òg kalla hovudstaden i Dei skotske høglanda. Han har kring 55 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Inverness er og ein av dei byane som kan vise til ei historie som strekkjer seg tilbake til vikingtida.

I nærleiken av Inverness finn ein Culloden Moor, som er den siste slagmarka i skotsk historie, der Bonnie Prince Charlie kjempa i slaget ved Culloden for kongemakta i Skottland, den 16. april 1746.

Kvart år blir det arrangert høglandsleikar i Inverness, som har tradisjonar fleire hundre år tilbake; dei tidlegaste publikasjonane som er funne, stammar frå 1600-talet. Segner fortel om leikar som vart arrangert på breidda av elva Ness, som skil byen i to, og kjem frå Loch Ness.

Det er og ei bru som knyter saman byen, og i eldre tider var denne laga av tre. I dag står det ein steinbru, og historia fortel at for fleire hundreår sidan vart brua jamleg øydelagt av ein klan som pressa byen for løysepengar for å la dei byggje ho opp att.

Ved museet i Inverness kan ein sjå mange av gjenstandane som vart nytta under slaget på Culloden Moor. Ein finn og bilete, og eit hårlokk som skal stamme frå Prince Charles Edward Stuart, òg kjent som Bonnie Prince Charlie.

Inverness Castle

På ei høgd i Inverness finn ein Inverness Castle, ei borg som vart bygd første gongen på 1600-talet, men sprengt av ein engelsk offiser. Historia fortel at mannen døydde, men hunden hans vart kasta over på andre sida av Ness, og mista berre halen. I dag fungerer borga som rettsbygning.

Føre borga finn ein og ein statue av Flora McDonald som hjelpte Bonnie Prince Charlie å flykte frå Skottland.

I byen Inverness kan ein òg finne eit særs gammalt kjøpesenter, Victorian Market, som er bygd på 1600-talet, og som vart øydelagt av brann i midten av 1800, og bygt opp att 10 år seinare.

Bygningane i byen har og ei historie som strekkjer seg rundt 300 år tilbake, og i 2004-2005 jobba ein aktivt for å verne dei gamle bygningane, og fleire restaureringsprosjekt pågår.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Caledoniakanalen som knyter saman aust- og vestkysten av Skottland går ut i Moray Firth ved Inverness. Det er togsamband nord, aust og sørover frå byen. Inverness lufthamn har regelmessige samband med fleire stader i Storbritannia.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Inverness er heimstaden for fotballklubbane Inverness Caledonian Thistle og Clachnacuddin.

Folk frå Inverness[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Inverness
Reiseguide for Inverness frå Wikivoyage