Ipatovo
Utsjånad
| Ipatovo | |||
| Ипатово | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Stavropol kraj | ||
| Areal | 16 km² | ||
| Folketal | 25 682 (2023)[1] | ||
| Grunnlagd | 1860 | ||
| • Bystatus | 1979 | ||
| Postnummer | 356630 | ||
| Retningsnummer | +7 86542 | ||
![]() Ipatovo 45°43′00″N 42°54′00″E / 45.716666666667°N 42.9°E | |||
| Wikimedia Commons: Ipatovo | |||
Ipatovo (russisk Ипа́тово) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kalaus, rundt 100 km nordaust for Stavropol.
Ipatovo vart grunnlagd i 1860 som busetnaden Tsjemrek. Namnet vart seinare endra til Vinodelnoje (russisk: Виноде́льное, omsett: Landsbyen der det vert laga vin) sidan det var mange statlege vinkjellarar i byen. I 1935 vart namnet igjen endra, til det noverande Ipatovo, kalla opp etter den russiske helten frå borgarkrigen, P. M. Ipatov, som døydde her i 1918. Ipatovo fekk bystatus i 1979.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Ipatovo» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
