Georgijevsk
| Georgijevsk | |||
| Георгиевск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Stavropol kraj | ||
| Høgd | 300 m | ||
| Areal | 25 km² | ||
| Folketal | 61 543 (2024) | ||
| Grunnlagd | 1777 | ||
| • Bystatus | 1786 | ||
| Postnummer | 357820–357831 | ||
| Retningsnummer | (+7) 86551 | ||
![]() Georgijevsk 44°09′00″N 43°28′00″E / 44.15°N 43.466666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Georgievsk | |||
Georgijevsk (russisk Гео́ргиевск) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Podkumok, ei sideelv til Kuma, rundt 150 km søraust for Stavropol.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden vart grunnlagt i september 1777 som St. Georg festning langs forsvarslinja Azov-Mozdok. I 1783 vart Georgijevsk-traktaten mellom Det russiske imperiet og Georgia underteikna her. Han fekk bystatus i 1786 og voks så kraftig. Etter 1802 vart han senter i eit kaukasisk gubernija. Tidleg på 1800-talet var byen òg eit handelssenter, men frå 1822 vart byen mindre viktig.
Etter 1868 var Georgijevsk ein liten by i Tersk gubernija. I 1875,vart det bygd ein jernbanestasjon seks kilometer unna i Nezlobnaja. Dette førte til at byen igjen starta å vekse. I 1894 vart det første jernverket i byen grunnlagd. Dette var starten på ArZiL, den største verksemda i byen. I 1900 vart det oppretta eit slaktehus og ei oljemølle. I 1920-åra vart Georgijevsk det største industri- og handelssenteret i Predkavkazie, den sentrale delen av Nord-Kaukasus.
Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyskarane frå 9. august 1942 til 10. januar 1943. Etter krigen vart Georgijevsk det største senteret for maskinbygging i Stavropol kraj.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Georgiyevsk» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2009.
