Isak L. Flatabø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isak L. Flatabø
Fødd 11. september 1896
Død

22. januar 1969

Yrke politikar

Isak Larsson Flatabø (11. september 189622. januar 1969) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Kvam i Hordaland, stortingsrepresentant frå Hordaland og for Arbeidarpartiet i tida 1945-65.

Flatabø var son til ein gardbrukar og bygdeslaktar. Sjølv var han anleggsarbeidar fram til 1923, då han som odelsgut tok over farsgarden på Flatabø. I 1945 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet på Stortinget, og vart seinare attvald fire gongar. Han var i den fyrste fireårsbolken medlem i Skog- og vassdragskomiteen, frå 1950 var han medlem i Samferdslekomiteen til han forlet Stortinget i 1965.

Flatabø var aktiv i organisasjonslivet i Kvam. Han var frå 1912 ombudsmann i Losje "Trygd" av IOGT i 33 år, formann 1918-31 i Kvam arbeidar- og småbrukarlag, styremedlem 1920-28 i Soldal og Skåre Ungdomslag og ei tid formann i Kvam lokallag av Norsk Arbeidsmandsforbund. Frå 1927 til -40 var Flatabø medlem i heradsstyret i Kvam. Han var formann 1938-40 i arbeidsløysenemnda i Kvam og 1938-45 medlem i Kvam jordstyre.

Flatabø var medlem i Lakselovkomiteen av 1948 og i Boligbankkommisjonen av 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]