Isfot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adeliepingvinar på ein isfot i Antarktis.
Foto: George Murray Levick, 1911/1912

Ein isfot er ein del av eit isfjell eller isflak under vatn som stikk framover. Dette skjer ved at vatnet i overflata tiner den øvre delen av isen. Ein isfot kan stikke langt fram under vatnet og vere farlege for skip, som kan tru dei er på trygg avstand frå isen.

Isfot eller isdyne på land ved Erie i Pennsyvania.

Isfot vert òg nytta om is på stranda eller i sjøkanten i polarstrøk. Det er is som ligg på land og ikkje hevar og senkar seg med tidvatnet. Han vert skild frå den isen som flyttar seg ved ein smal eller brei sprekk. Dette vert òg kalla landkall og oppstår ved at sjøisen frys fast på grunt vatn ved strendene der ein har permafrost. Tjukkleiken kan auke ved at snø driv saman under bratte skrentar i strandkanten og ved sjøsprøyt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«isfot – glasiologi» i Store norske leksikon, snl.no.