Isle of Grain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 51°28′ N 0°44′ E

Grain Tower frå 1855 og vegfyllinga ved fjøre.
Isle of Grain frå lufta

Isle of Grain er ei tidlegare øy nord i Kent i England aust for Hoohalvøya. Det meste av øya er myrlendt og Grain Marshes er eit viktig fugleområde.

Øya utgjer eit verdsleg sokn med 1731 innbyggjarar (2001). Ho er 5,5 km lang og 4 km brei.

For å verne utløpet til Themsen vart festninga Grain Tower bygd. Det var i drift fram til 1946. Tidlegare var malaria eit stort problem på øya. Det siste tilfellet med denne sjukdommen vart registrert i 1918.

Den sørlege delen av øya er eit viktig industriområde i dag. Fram til 1982 låg det eit stort oljeraffineri her. I dag ligg Thamesport, den tredje største containerhamna i Storbritannia, på denne staden. Ved sidan av den gamle oljeraffineriet ligg eit oljefyrt kraftverk som utgjer 3 % av det nasjonale kraftforsyninga i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]