Themsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 51°29′56″N 0°36′31″E
Themsen
Thames
elv
none  Themsen i London
Themsen i London
Land Flag of England.svg England
Grevskap Gloucestershire, Wiltshire, Oxfordshire, Berkshire, Buckinghamshire, Surrey, Essex, Kent
Metropolitan County Stor-London
Byar Lechlade, Oxford, Abingdon, Reading, Henley on Thames, Marlow, Maidenhead, Windsor, Staines, Walton on Thames, London, Dartford, Southend
Lengd 346 km
Nedslagsfelt 12 935 km²
Vassføring for London
 - middel 65,8 /s
Kjelde
 - stad Thames Head i Gloucestershire
 - høgd 110 moh
 - koordinatar 51°41′39″ N 2°1′47″ E
Munning Themsenestauaret, Nordsjøen
 - stad Southend-on-Sea, Essex
 - koordinatar 51°29′56″N 0°36′31″E
Thames map.png
Wikimedia Commons: Thames

Themsen (engelsk: River Thames, uttale: ˈtɛmz) er ei elv i den sørlege delen av England. Elva er best kjent fordi den nedre delen renn gjennom sentrum av London, men elva renn òg gjennom mange andre byar, som Oxford, Reading, Henley-on-Thames, Windsor, Kingston upon Thames og Richmond upon Thames. Themsen er 346 kilometer lang, med eit nedbørfelt på 12 935 km².

Themsen er den nest lengste elva i Storbritannia og den lengste elva som i heilskapen sin ligg i England. Han har utspringet sitt ved Thames Head i Gloucestershire, og munnar ut i Nordsjøen gjennom Themsenestuaret mellom Kent og Essex. Elva er påverka av tidvatnet opp til Teddington Lock i dei vestlege forstadane til London. I London har tidvatnet ei høgd på opptil 7 meter. Nedbørfeltet omfattar ein stor del av det søraustlege og vestlege England og elva har over 20 sideelvar. Det ligg over 80 øyar langs elva, og han er heimstad for eit rikt dyre- og planteliv.

Elva har understøtta menneskeleg aktivitet frå kjelde til munning gjennom mange tusen år, og har gjeve folk bustader, vasskraft, mat og drikke. Han har òg fungert som ei hovudferdselsåre for internasjonal handel gjennom London hamn, både direkte til stader langs sine eigne breidder og gjennom tilknytingane til elva til det engelske kanalsystemet.

Themsen var under mellomalderen og seinare ei særs forureina elv. Dette var fordi alt av søppel og kloakk vart tømt i ho. Først på midten av 1800-talet anla Metropolitan Board of Works eit kloakkanlegg i London slik at utsleppa i elva vart sterkt avgrensa. Elva har i seinare år vorte eit viktig fritidsområde som understøtter turisme, båt- og friluftsliv, og andre aktivitetar som roing, segling og padling. Elva har hatt ein spesiell tiltrekking på forfattarar, kunstnarar, musikarar og filmmakarar, og han er godt representert innan kunst.

Blant dei mange bruene som kryssar Themsen er Tower Bridge den mest kjende. Populære landemerke som Big Ben, Houses of Parliament, London Eye og Tower of London ligg òg ved Themsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]