Isluga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Isluga er ein 5 550 moh høg stratovulkan i Tarapaca-regionen i det nordlege Chile, 7 km vest for landegrensa mellom Chile og Bolivia og ved vestenden av ei gruppe vulkanar som ligg på rekke i retninga aust-vest. Vulkanane Cabaray og Tata Sabaya ligg i denne rekka. Isluga har eit vidt toppområde og er omfatta av Volcán Isluga nasjonalpark.

Isluga er ein aktiv vulkan, siste utbrotet fann stad i 1913. Mellom 1863 og 1878 hadde Isluga tre større utbrot.

I 1927 kleiv den tyske geografen og botanikaren Carl Troll som den fyrste til topps på Isluga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]