Bolivia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
República de Bolivia

(norsk: Bolivia, boliviansk)

Det bolivianske flagget Det bolivianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Bolivianos, el hado propicio»
Motto Firme y Feliz por la Unión
Geografisk plassering av Bolivia
Offisielle språk Spansk, quechua, aymara
Hovudstad Sucre1
Styresett
Republikk
Luis Arce
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 098 581 km² (27.)
1,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
11 138 234 (81.)
10,1 /km² (181.)
Sjølvstende
Frå Spania
6. august 1825
Nasjonaldag 6. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
73 880 mill. USD (92.)
7 200 USD (127.)
Valuta Boliviano
Tidssone UTC -4
Telefonkode +591
Toppnivådomene .bo

1 Regjeringa held til i La Paz, Sucre er den formelle hovudstaden

Bolivia (quechua Bulibya; aymara Wuliwya; guarani Volívigde), offisielt Den fleirnasjonale staten Bolivia (spansk Estado Plurinacional de Bolivia), er eit land i Sør-Amerika.[1][2] Det grensar til Chile, Peru, Brasil, Paraguay og Argentina. Over halvparten av landet ligg austom Andes, og denne austlege delen ligg i hovudsak i Amazonasbekkenet. Bolivia har tørt og kjølig klima på Altiplano, varmt og fuktig i det nordlege låglandet og tørt på Gran Chaco-sletta i sør. Mellom regnskogen i Amazonas og høgsletta Altiplano (kring 4000 meter over havet) ligg fruktbare dalar på opp mot 2800 meters høgd. La Paz er den høgst liggjande hovudstaden i verda på 3600 meter. I Andes på grensa mot Chile er Nevado Sajama det høgaste punktet i landet på 6542 meter. Rundt to tredelar av Bolivia er varmt lågland. Bolivia har ikkje kyst. Frå 1993 har det lånt eit lite område av Peru til frihandelsområde.[3]

Hovudstaden er Sucre. Presidentembetet og parlamentet ligg i La Paz, medan høgsteretten ligg i Sucre, der dei spanske conquistadorane grunnla dei første domstolane i Latin-Amerika. Dagens deling av hovudstadrollen er resultatet av ein borgarkrig mellom Sucre og La Paz. Dei største byane er Santa Cruz de la Sierra, El Alto og La Paz. Bolivia er det fattigaste landet i Sør-Amerika og majoriteten av folkesetnaden er urfolk eller av blanda opphav. Hovudspråket er spansk, i tillegg blir det tala aymara og quechua. Katolisismen dominerer som religion. Jordbruk er viktigaste næringsvegen med dyrking av poteter, mais, ris og kveite; det blir også halde husdyr som lama og sau i høglandet og storfe i låglandet. Bolivia er den største produsenten i verda av antimon og den nest største produsent av tinn (per 1992).[4]

Landområdet var del av inkariket frå 1200-talet. Frå 1533 erobra spanske styrkar under Francisco Pizzaro Cuzco og Alto Peru («Øvre Peru»). Øvre Peru vart til republikken Bolivia i 1825 etter at det vart erobra av Simon Bolivar. Etter ein krig med Chile frå 1879 mista Bolivia tilgangen til havet.[5]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Natur[endre | endre wikiteksten]

I vest strekkjer Bolivia seg inn i Andesfjella, der Nevado Sajama er det høgaste fjellet på 6542 moh. Dei sentrale delane av landet ligg på høgfjellsplatået Altiplano, der mesteparten av folket bur.

Dei austre delane av landet er eit låglandsområde kalla Gran Chaco, som er delvis dekt av Amazonasregnskogen. Her ligg òg det lågaste punktet i landet, ved elva Paraguay, 90 meter over havnivå. Titicacasjøen ligg på grensa mellom Bolivia og Peru. Heilt i vest ligg Salar de Uyuni, som er den største saltørkenen i verda.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjedene og fjellområda i Bolivia består av massive kompakte klipper av magmatiske bergarter, sedimentære og metamorfe bergartar. Dei lågare platåa og vassdragsområda består hovudsakleg av leire, sand og grus.

Vatn og vassdrag[endre | endre wikiteksten]

Bolivia har tre store nedbørsfelt: Amazonas, La Plata og Altiplano. Den største elva i landet er Bolva, som strekkjer seg 15 km frå Andesfjella til Amazonas.[6]

Nedbørsfeltet til Amazonas[endre | endre wikiteksten]

Nedbørsfeltet til Amazonas dekker eit areal på 724 000 km², noko som utgjer 65,9 prosent av arealet til Bolivia. Området er delt med Brasil, Guyana, Venezuela, Colombia og Peru. Den største sideelva til Amazonas i Bolivia er Mamoré, som er 2 000 kilometer lang. Ho renn saman med den 1 113 kilometer lange Beni og formar den største sideelva til Amazonas, Madeira. Andre viktige elver er Madre dei Dios, Guaporé, Río Blanco, Río Negro, Yata, Tahuamanu, Orthon, Itonomas og Paragúa.

Nedbørsfeltet til La Plata[endre | endre wikiteksten]

Nedbørsfeltet til La Plata dekker eit areal på 229 500 km² som er 20,9 prosent av arealet til Bolivia. Dei bolivianske sideelvane til Río de la Plata er generelt mindre enn Amazonas. Hovudelva i området er Pilcomayo, som har kjelde i Oruro på 5 200 meters høgd og renn sørausover før ho renn saman med Paraguay i Asunción. Elva er kring 1 590 kilometer lang totalt med 789 kilometer som går gjennom Bolivia. Andre viktige elver i området er Bermejo, Río Grande de Tarija, Guadalquivir og Itaú.

Nedbørsfeltet til Altiplano[endre | endre wikiteksten]

Nedbørsfeltet til Altiplano er 145 081 km² stort og dekker 13,2 prosent av arealet til Bolivia. Det finst fire store innsjøar i området. Den største er Titicacasjøen som omfattar 8 562 km², 3 790 av dei i Bolivia. Andre innsjøar er Poopósjøen på 1 337 km², som får vatn frå Titicacasjøen, Uru Uru, som har eit areal på 260 km² og ligg nord for Poopósjøen og dessutan den tredje største sjøen, Coipasa, som er 806 km².

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Klima i Bolivia.
Altiplano i Bolivia i mars 2005.

Bolivia ligg på tropiske breiddegradar, men klimaet varierer frå tropisk i låglandet til polarklima i dei høgare delane av Andes. Temperaturen kjem i hovudsak av høgda over havet med mindre variasjonar mellom årstidene. På dei fleste stadar fell det meste av regnet om sommaren på den sørlege halvkula, og årsnedbøren er større i sør enn i nord.[7] Temperaturar og nedbør i fjella varierer mykje. Det kan falla snø på høgder over 2 000 meter over havet. Området over 5 500 meter har polarklima.[7]

Låglandet i Bolivia har regnskogen i nordaust og grassletta Chaco i søraust. Begge områda er varme og fuktige, og temperaturen i Chaco-området går ofte over 40 °C frå september til desember, og begge områda får ein god del regn frå november til april. Nedbørsmengdene er størst i nord, men Chacosletta vert ofte omvandla til eit sumpområde i regntida.

Altiplano er eit høgt platå i Bolivia med ei middelhøgd på 3800 m. Platået er både lågare og på lågare breidder enn Tibetplatået, og derfor vert ikkje Altiplano råka av vêrsystema på midlare breidder. Altiplano, som òg vert utsett for sterke og kalde vindar, har eit tørt og kaldt klima med skilnader i dagstemperaturar og nedbør mellom nord og sør. Den gjennomsnittlege høgaste dagstemperaturen ligg mellom 15 og 20 gradar, men om sommaren kan jan overstiga 27 gradar. På kveldstid kan temperaturen falla ned mot null gradar. Titicacasjøen lindrar kulde, men langs strendene til sjøen kan det finnast frost året rundt, og snøfall er ikkje uvanleg.[7]

Det nordlege låglandsområdet har tropisk fuktig klima med høge temperaturar året rundt, høg luftfukt og rikeleg med regn. Middeltemperaturen om dagen overstig 30 gradar Celsius på dei fleste stadar året rundt. Dei nordaustlege passatvindane som blæs over nedbørsfeltet til Amazonas ber med seg store mengder regn. Det fell ofte regn under mindre torevêr, ofte saman med sterke vindar og hagl.[7]

Det sentrale låglandet har eit tropisk fuktig og tørt klima. Mellom oktober og april dominerer nordaustlege passatvindar, og vêret er då varmt, fuktig og regnfullt. Mellom mai og september tek tørre søraustlege vindar kontrollen, og nedbøren i denne perioden er liten. I denne årstida gjer klare dagar og skyfrie netter at dagstemperaturene er høgare, og nattemperaturene er lågare enn i regnperioden. Tilfeldige sterke vindar frå sør, kalla surazos, kan blåsa om vinteren og gje låge temperaturar i fleire dagar.[7]

Chaco har eit subtropisk steppeklima. Dei nordaustlege passatvindane ber med seg regn og varmt fuktig vêr mellom januar og mars. Øvrige månader er tørre med varme dagar og kalde netter. Bolivias høgaste temperatur, 47 gradar, vart målet i dette området.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har budd folk i Andesregionen i om lag 20 000 år. Dei første folka kom via Beringsundet frå Asia og busette seg i heile Amerika. Rundt 1450 vart det som i dag er Bolivia ein del av Inkariket. Inkaene kontrollerte området fram til 1535, då Spania hærtok og koloniserte området.

Landet fekk sjølvstyre i 1825, og ein valde å kalla opp landet etter fridomshelten Simón Bolívar. Sidan då har nesten 200 militærkupp og motkupp prega landet si historie. Landet mista tilgangen til kysten under Stillehavskrigen rundt 1880. Eit demokratisk styre vart etablert i 1982, men landet har store problem med utbreidd fattigdom, sosial uro og narkotikaproduksjon. Etter at president Sánchez de Lozada flykta frå landet i 2003, vart visepresidenten, Carlos Mesa sett inn som ny president i Bolivia. Etter mykje uro trekte Mesa seg, og Eduardo Rodríguez Veltzé vart sett inn som interimpresident 9. juni 2005. Evo Morales overtok embetet 21. januar 2006 etter valsigeren i desember.

I 1809 var La Paz den første byen i Latin-Amerika som gjorde opprør mot kolonimakta og kravde sjølvstende. Bolivia vart likevel det siste landet i Sør-Amerika til å få sjølvstende, i 1825. Dei valde å kalla opp landet etter fridomskjemparen Simón Bolívar, som i utgangspunktet var mot eit sjølvstendig Bolivia. Han meinte det burde vera ein del av Peru, men leiinga i Bolivia gjekk med rette ut frå at det var mindre sannsynleg at han ville motsetja seg sjølvstendet til ein nasjon som bar namnet hans.

Sidan den offisielle statsskipinga i 1825 fram til 1980-talet gjekk Bolivia gjennom 188 statskupp. Til trass for eit gjennomgåande svakt militærvesen, har landet vorte styrt av ulike militærdiktatur gjennom historia. Fleire har byrja krigar landet ikkje har vore førebudd på. Bolivia har tapt alle krigane det har vore involvert i, og sidan statsskipinga har det mista over halvparten av territoriet sitt. Landet mista tilgangen til kysten under Salpeterkrigen mot Chile mellom 1879 og 1883, og mista to tredelar av Gran Chaco-regionen til Paraguay under Chacokrigen mellom 1932 og 1935.

Che Guevara medverka i geriljakrig her på 1960-talet. Han vart avretta i La Higuera i 1967.[8]

Demokratisk styre 1982–2005[endre | endre wikiteksten]

Det vart innført demokratisk styre i 1982, men landet hadde store problem med utbreidd fattigdom, sosial uro og narkotikaproduksjon. President Sánchez de Lozada flykta frå landet i 2003 etter å ha privatisert eigedomane til nasjonen mot bestikkingar frå internasjonale selskap, noko som nesten dreiv landet til ruin.Før han flykta, rante han og fleire andre ministrar nasjonalbanken. Etter dette vart visepresidenten Carlos Mesa innsett som ny president i Bolivia.

Mesa gjekk av i juni 2005 etter vegblokadar og sosial uro. Høgsterettsjustitiarius Eduardo Rodriguez overtok som mellombels president og kunngjorde val som vart haldne i desember 2005.[9]

Styret til Morales 2005–2019[endre | endre wikiteksten]

Evo Morales, her fotografert i 2006, var president frå 2005 til 2019.

Sosialisten Evo Morales vann valet i 2005 med 54 % av stemmane. Morales var den første urfolkspresidenten i Sør-Amerika. Den 1. mai 2006 nasjonaliserte Bolivia landet sitt olje- og gassfelt gjennom ein ordre til hæren om å okkupera felta.[10] Dei tidlegare eigarane vart kjøpte ut i ein nasjonaliseringsprosess. Delen til staten av oljeinntektene steig frå 13 % til 84 %.

Den 2. juni 2006 lova Morales ei landreform der 20 000 km² land skulle overførast til fattige urfolk. Utsegna kom etter at forhandlingane om landbruksrevolusjonen med dei rike landeigarane braut saman. Under desse forhandlingane fremja Morales forslag om omfordeling av heile 200 000 km² land, men dette var for mykje for leiarane i landbruksindustrien å godta. 4. juni 2006 byrja så Morales å dela ut land frå landeigarane til lokale bønder. I alt 30 000 km² vart fordelt under ein seremoni i Santa Cruz.

Morales vart gjenvald i 2009 og 2014 og sat som president til 2019, noko som gjorde han til den lengstsitjande presidenten i historia til Bolivia. I den tredje valperioden sin ynskte Morales å endra grunnlova slik at han kunne veljast til ein fjerde periode. Ei folkerøysting om dette fekk ikkje fleirtal, men grunnlovdomstolen avviste dette resultatet, og Morales stilte til val igjen i 2019.[11] Etter at observatørar frå OAS hadde påvist uregelmessigheiter ved valet, drog Morales i eksil, først til Mexico og deretter til Argentina.[12] Senatmedlemmet Jeanine Áñez overtok som mellombels president.[13]

Ved presidentvalet i oktober 2020 fekk tidlegare finansminister Luis Arce frå Movimiento al Socialismo reint fleirtal. Tidlegare president Carlos Mesa fekk ca. 30 % av stemmane.[14]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Departement i Bolivia

Bolivia er samansett av ni fylke, kalla departement (departamentos). Desse er: Beni, Chuquisaca, Cochabamba, La Paz, Oruro, Pando, Potosi, Santa Cruz og Tarija.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folkegruppene i Bolivia er blant anna quechuaer (30 % av folkesetnaden), aymaraer (25 %) og afrobolivianarar. Gjennomsnittsalderen til folkesetnaden er 20,8 år (2002). Gjennomsnittleg levealder er 64,8 år (2003), medan spedbarnsdøyelegheita på 5,6 % (2003).

I 2003 var om lag 13 % av den vaksne folkesetnaden analfabetar.

Innan religiøs tilhøyring er 95 % katolikkar, 3 % protestantar, medan 95 % også høyrer til naturreligionar. Det er sterke synkretistiske tendensar mellom katolisismen og dei eldre religionane, slik at innbyggjarane gjerne går i kyrkja og ofrar til moder jord (Pacha mama) eller Solguden (Inti) om kvarandre.

Santa Cruz de la Sierra er den største og mest velståande byen i landet. Han har vakse frå 43 000 innbyggjarar i 1950 til kring 1,6 millionar i 2012.[15][16][17] Departementet Santa Cruz er det største, folkerikaste og rikaste i Bolivia.[18][19]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringane i Bolivia har i alle år vore jordbruk og gruvedrift. I gruvene har sølv og tinn vore dei viktigaste råvarene, men det finst òg gruvedrift innan andre råstoff. I siste halvdel av 1900-talet vart petroleumsførekomstene i Bolivia viktigare. Det siste tiåret har dei kjende naturgassreservane i Bolivia vorte mangedobla.

Det nasjonale petroleumsselskapet i Bolivia vart nasjonalisert etter Gass-krigen i 2003.

Naturressursar: tinn, naturgass, petroleum, sink, wolfram, antimon, sølv, jarn, bly, gull, litium, tømmer og vasskraft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Who.int. «WHO | Bolivia (Plurinational State of)». Henta 30. mai 2013. 
  2. United Nations. «UNdata | country profile | Bolivia (Plurinational State of)». Henta 30. mai 2013. 
  3. Nourry, Philippe (1995). Fra Brasil til Antarktis: Brasil, Peru, Bolivia, Paraguay, Uruguay, Argentina, Chile, Antarktis. Oslo: Det Beste. ISBN 8270102806. 
  4. Nourry, Philippe (1995). Fra Brasil til Antarktis: Brasil, Peru, Bolivia, Paraguay, Uruguay, Argentina, Chile, Antarktis. Oslo: Det Beste. ISBN 8270102806. 
  5. Nourry, Philippe (1995). Fra Brasil til Antarktis: Brasil, Peru, Bolivia, Paraguay, Uruguay, Argentina, Chile, Antarktis. Oslo: Det Beste. ISBN 8270102806. 
  6. andeansummits. «River basins in bolivia». Henta 30. mai 2013. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 loc.gov. «Federal Research Division, Library of Congress A Country Study: Bolivia - Climate». Henta 30. mai 2013. 
  8. Nourry, Philippe (1995). Fra Brasil til Antarktis: Brasil, Peru, Bolivia, Paraguay, Uruguay, Argentina, Chile, Antarktis. Oslo: Det Beste. ISBN 8270102806. 
  9. NATURGASSEN ER VÅR! - En analyse av nasjonaliseringen av hydrokarbonsektoren i Bolivia Hege Bakke Sørreime Masteroppgave i samfunnsgeografi ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. September 2007. Besøkt 22. oktober 2020.
  10. Bolivia Information Forum Bulletin No. 2, mai 2006. Besøkt 22.oktober 2020.
  11. Evo Morales håper på gjenvalg i Bolivia. Sunnmørsposten. Besøkt 22. oktober 2020.
  12. Evo Morales Lands in Argentina, Where He Will Be Granted Refugee Status. The New York Times. Besøkt 22. oktober 2020.
  13. Aftenposten, 16. november 2019, side 11.
  14. «Resultados Elecciones Nacionales 2020». computo.oep.org.bo. Henta 22. oktober 2020. 
  15. Van Der Stuyft, P., Gianella, A., Pirard, M., Cespedes, J., Lora, J., Peredo, C., ... & Boelaert, M. (1999). Urbanisation of yellow fever in Santa Cr uz, Bolivia. The Lancet, 353(9164), 1558-1562. «In 1998, the total population of the Santa Cruz region was 1 721 332, of which the city of Santa Cruz de la Sierra accounted for 891 287 inhabitants. The city is divided in 246 neighbourhoods, which vary in population size (3000–10 000 inhabitants). The mean population density of the town is 2903 inhabitants per km2.»
  16. Organización Internacional para las Migraciones (11. april 2014). Bolivia. Arkivert frå originalen . Henta 14. januar 2014. 
  17. Damms store leksikon. Oslo: Damm. 1989. ISBN 8251772710. 
  18. Markin, A., Barbero, R., Leow, J. J., Groen, R. S., Skow, E. J., Apelgren, K. N., ... & Nwomeh, B. C. (2013). A quantitative analysis of surgical capacity in Santa Cruz, Bolivia. Journal of surgical research, 185(1), 190-197.
  19. Asquith, N., & Vargas, M. T. (2007). Fair deals for watershed services in Bolivia (No. 7). IIED.