Isokinetisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

iso- er eit prefiks som kjem frå gresk isos, og tyder «lik». Det blir hovudsakleg brukt i tekniske og vitskaplege samanhengar. Adjektivet «kinetisk» kjem frå gresk κίνηση ('kinesis') som tyder «rørsle».

Ordet isokinetisk kan bli brukt i samband med prøvetaking av gass, «isokinetisk prøvetaking», og tyder då at gassprøven som blir sogen ut av hovudstraumen blir sogen ut med same fart som farten til hovudstraumen. Partiklar som følgjer hovudgasstraumen vil då følgje prøvestraumen i rett forhold. Fordelen med denne typen prøvetaking er at ein sikrar seg at prøven blir mest mogleg representativ for hovudstraumen.