Isotophydrologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Isotophydrologi er ei grein innan hydrologien der ein nyttar isotopinnhaldet i is, flytande vatn eller vassdamp til å rekna ut alderen eller opphavet til vatnet. I paleoklimatologien kan ein ved hjelp av isotopanalyse attskapa forhistoriske klima.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vassprøver har unike fingeravtrykk, dels fordi dei har forskjellige delar oksygen- og hydrogenisotopar. Isotopar er variantar av same grunnstoff med eit anna tal nøytronar i kjernen.

Luft, jord og vatn inneheld hovudsakleg oksygen 16 (), men oksygen 18 (), som har to ekstra nøytronar, utgjer om lag to promille. Denne isotopen er noko tyngre og vil føretrekka den flytande fasen framfor å fordampe. Ein seier at isotopen vert fraksjonert, sidan dampen får eit lægre isotopinnhald enn væska. Saltvatn plar difor å vera rikare på enn vassdamp og nedbør.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert Mulvaney (2016). «How are past temperatures determined from an ice core?» (på engelsk). Scientific American. Henta 2. oktober 2017. 
  2. Gabriel Bowen. «Background information on H- and O-isotopes in water» (på engelsk). University of Utah. Henta 2. oktober 2017.