Issaias Afewerki
Utsjånad
| Issaias Afewerki | |||
| | |||
| Fødd | 2. februar 1946 (80 år) Asmara | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Eritrea | ||
| Religion | monofysitisme | ||
| Yrke | politikar, president | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Addis Abeba | ||
| Ektefelle | Arsema Mehari | ||
| Alle verv | |||
Issaias Afewerki[a] (fødd 2. februar 1946) er den første og noverande presidenten i Eritrea.
Afewerki var fødd i Asmara. Han blei med i frigjeringsrørsla Eritreisk frigjeringsfront (ELF) i 1966, og fekk militærtrening i Kina. Afewerki braut med ELF i 1971 og var med på å danna EPLF. Frå 1987 var Afewerki generalsekretær for denne rørsla. Han blei valdt til president då Eritrea fekk sjølvstende i 1993, men hadde før dette vore leiaren for Den eritreiske folkefrigjeringsfronten (EPLF) og styrte i røynda landet også før sjølvstendet.
Det planlagde presidentvalet i 1997 blei ikkje halde. Eritrea er ein eittpartistat under partiet People's Front for Democracy and Justice. Under Afewerki har også den frie pressa i landet blitt lagt ned.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Issaias Afewerki» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 4. mai 2009.
- Country profile: Eritrea ved bbc.co.uk, vitja 4. mai 2009.