Istid 3: Dinosaurene kommer
![]() | |
Regi | Carlos Saldanha Medregissør: Mike Thurmeier |
---|---|
Produsent(ar) | Lori Forte John C. Donkin |
Manus | Michael Berg Peter Ackerman Mike Reiss Yoni Brenner |
Medverkande | Ray Romano Queen Latifah Denis Leary John Leguizamo Seann William Scott Josh Peck Simon Pegg Chris Wedge Karen Disher |
Klipp | Harry Hitner |
Musikk | John Powell |
Distributør | InterCom, Netflix, Disney+, 20th Century Studios ![]() |
Utgjevingsdato | 1. juli 2009 |
Lengd | 94 min. |
Opphavsland | USA ![]() |
Språk | Engelsk |
Budsjett | 90 millionar US-dollar |
Inntening | 886 686 817 US-dollar, 196 573 705 US-dollar ![]() |
Istid 3: Dinosaurene kommer (opphavleg Ice Age: Dawn of the Dinosaurs') er ein dataanimert film frå 2009 laga av Blue Sky Studios og utgjeven av 20th Century Fox. Han er regissert av Carlos Saldanha. Handlinga finn stad når istida er over. Heltane Sid, Manny, Diego, Ellie, Scrat og Scratine får ei ny bekymring: Overlevande dinosaurar og ein galen dinosaurjegar, «Buck».
Ice Age: Dawn of the Dinosaurs er ein oppfølger til filmane Ice Age (2002) og Ice Age: The Meltdown (2006). Regissøren Carlos Saldanha var òg medregissør på dei to andre Istid-filmane. Filmen vart nemnt i kommentatorsporet på DVD-en til Ice Age 2. Den første traileren for filmen vart vist i samband med premieren av filmen Horton Hears A Who! (14. mars 2008). Filmen hadde premiere 1. juli i fleire land, som Noreg og USA.
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
Karakter | Engelsk stemme | Norsk stemme |
---|---|---|
Ekornrotta Scrat | Chris Wedge | |
Scratte/Scratine | Karen Disher | |
Buck | Simon Pegg | Åsleik Engmark |
Pungrotta Crash | Seann William Scott | Espen Sandvik |
Dovendyret Sid | John Leguizamo | Dagfinn Lyngbø |
Mammuten Manfred («Manny») | Ray Romano | Otto Jespersen |
Sabeltanntigeren Diego | Denis Leary | Sven Nordin |
Mammuten Ellie | Queen Latifah | Linn Skåber |
Pungrotta Eddie | Josh Peck | Jan Gunnar Røise |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Istid 3: Dinosaurene kommer», filmweb.no