Linn Skåber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linn Skåber
Linn Skåber - Nordiske Mediedager 2010 (cropped).jpg
Fødd31. mars 1970 (52 år)
FødestadOppsal
Verka somskodespelar, songar, manusforfattar, komikar, stemmeskodespelar
SambuarAtle Halstensen
PrisarLeonardstatuetten, Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris, Leif Justers ærespris

Linn Skåber (fødd 31. mars 1970) er ein norsk skodespelar, komikar, tekstforfattar og forfattar som har vore aktiv sidan midten av 1990-talet. Ho har i hovudsak befatta seg med humoristiske roller, både på TV og på scena.

Skåber debuterte ved Oslo Nye Teater i 1997 med tittelrolla i Mirandolina, og arbeidde ved teateret til ho vart frilans i 2001. Ho var ein del av Lompelandslaget i perioden 1993–2001. Ho har òg skrive tekster for andre skodespelarar, og var i 2001 redaktør av antologien Erotiske dikt. I 2006 vann ho Komiprisen for beste kvinnelege artist for sin innsats i Utlendingen på Centralteatret, og vart året etter tildelt Gullruta for TV-serien Hjerte til hjerte. Ho har i løpet av karrieren medverka i ei rekkje revyar, kabaretar, spelefilmar og TV-produksjonar. I perioden 2007–2013 var Skåber òg fast paneldeltakar i Nytt på nyttNRK1.

På scena[endre | endre wikiteksten]

Linn Skåber i 2006
Foto: Jarle Vines

Teaterscena[endre | endre wikiteksten]

Skåber hadde sin «halvprofesjonelle» scenedebut sommaren 1996 (medan ho var student ved Statens teaterhøgskulen) i barneførestillinga Robin Hood, som gjekk på Sommarteateret i Frognerparken. Året etter hadde ho sin profesjonelle debut i rolla som Oda Krohg i Kristiania-bohemen, skrive av Ole Paus og Ketil Bjørnstad.[1] Ho gjentok rolla på Scene West Victoria hausten 2001. Ho hadde sin debut ved Oslo Nye Teater hausten 1997 som tittelrolleinnehaverske i Hans Henriksens oppsetning av Mirandolina (på teateret si biscene, Centralteatret). Ho var same haust delaktig i ei rekkje ulike ungdomsførestollingar ved teateret som gjekk under samlenemninga En Central natt, under instruksjon av Petter Næss. Den underhaldningsvarierte «masseoppsetninga» bestod av kabaretar, stand up, såpeopera og eit vekemagasin med ein ironisk harselas over siste vekes «kvasiaktualiteter».[2][3]

Ho har ved same teater vidare medverka i stykke som Paul Portner sin kjende kriminalkomedie En glad saks (Shear Madness) (1998), ei oppsetning av Runar Borge basert på Lars Saabye Christensen-romanen Beatles (1999), ei oppsetting av Richard O'Brien sin kjende musikal The Rocky Horror Show (2000) og Per Olav Sørensen si oppsetting av Arne Berggrens 40, som hadde urpremiere ved teateret i 2001.[4]

I 2001 vart ho frilans, men har i ettertid gjesta teateret i samband med Torfinn Nag si oppsetjing av Larry Shues Utlendingen (The Foreigner) (2005), og Lasse Dehle si oppsetjing av Margareta Garpe si Hvite dager (2006). For det førstnemnde stykket vart ho i 2006 tildelt Komiprisen.[5][6] Skåber hadde ei meir alvorleg rolle som terapeuten Mette i Margareta Garpes Hvite dager (Limbo).[7] Stykket handla om seks kvinner frå ulike samfunnsklasser med eit felles åk: Avhengnad av alkohol eller piller – eller begge deler.[8][9]

Lompelandslaget og andre revyar og show[endre | endre wikiteksten]

Skåber har òg vore aktiv utfor dei etablerte scenene og var i perioden 1993–2001 ei av drivkreftene i Lompelandslaget.[10][11] I tillegg turnerte ho midt på 1990-talet med Kristopher Schau i Reidar Roses orkester. Ho fortel frå denne perioden at: «Vi hadde ingen pengar, spelte på gata, og fekk sova over hos framande».[12] I 1992 var ho òg aktiv i Det Åpne Teater.[13]

Skåber debuterte på Lompelandslaget hausten 1993 i oppsetninga Em tønne med dritt.[14] Hausten 1999 var ho sentral i Lompelandslaget sin revy The End, der tittelen harselerte med ein av Nostradamus sine spådomar som gjekk ut på at verda skulle gå under 9. september 1999. Ein av dei mest omtalte sketsjane til oppsetjinga var kanskje «Bompengeringen Barnehage», som låg i bomstasjonen, slik at foreldra kunne sleppa av borna på veg til jobb og plukka dei opp på veg heim igjen. Skåber spelte her sliten barnehagetante.[15] Stykket gjekk på Scene West Victoria i Oslo.[16] Sensommeren 2001 var ho sentral i revyen Lompelandslaget legger lista litt lavere. Hovudbodskapen denne gongen var: «å hylle alle som klarer seg sånn passe og setter seg ned og slapper av med det».

Revyen vart året etter tildelt Komiprisen i kategorien beste førestilling.[17] Skåber var hausten 2001 sentral i revynummeret «Bush og bin Laden-potpurri» og var òg ein av tekstforfattarane.

I 2000 og 2001 spelte ho sommarkabaret saman med Sossen Krohg og Heidi Gjermundsen. Kabareten hadde tittelen Jenter som kommer; han vart vist i Oslo sommaren 2000 og i Stavern sommaren 2001.

Hausten 2003 hadde ho ei sentral rolle i Tom Sterris revy På nett med byen. Tilstellinga gjekk på Edderkoppen teater, og Skåber var ein av medforfatterne. Dagbladets Annette Mürer gav tilstellinga terningkast 5.[18]

Ho var i 2004 aktuell i sommarshowet Vi tar bølgnen, i Bjarte Hjelmelands regi. Tilstellinga fekk lunka mottaking av teatermeldaren til Aftenposten, Mona Levin, men ho gav Skåber gode skussmål og skreiv blant anna «Skåber får maksimalt ut av enhver tekst, også de som mangler poeng, og dem er det flere av. I en god tekst, som hennes egen lille 'Blomstervise', en tilsynelatende tradisjonell revyvise som får ny vri, skaper hun på korteste tid væromslag fra stille fjære til brusende flo».[19] I 2007 hadde ho ei av hovudrollene i sommarrevyen Tres Amigas, saman med Ina Breivik og Lene Kongsvik Johansen. Aftanposten skreiv: ««Få kan spille så utsøkt dum bimbo som Skåber, og hun kommer fryktelig tilbake med sitt gnistrende temperament, sine lynkjappe lyskespark og overdådige øyeblikkskarakteristikker».[20]

Film, TV og radio[endre | endre wikiteksten]

Film[endre | endre wikiteksten]

Skåber filmdebuterte 1998 i den norske thrilleren 1732 Høtten der ho hadde ei birolle. Ho har etter det hatt biroller i filmar som blant anna Fire høytider (2000), Get Ready to Be Boyzvoiced (2000), Tommys Inferno (2005) og Vinterkyss (2005). I 2006 hadde ho ei birolle som rektor i Hans Petter Moland si filmatisering av Gymnaslærer Pedersen, basert på ein kjend roman av Dag Solstad. Ho var hausten 2008 aktuell i Ulrik Imtiaz Rolfsen sin film Den siste revejakta, basert på romanen ved same namn av Ingvar Ambjørnsen. I 2011 hadde ho ei sentral rolle i filmen Kong Curling, og i 2015 hadde ho hovudrolla i komedien Wendyeffekten av Ole Endresen.

TV[endre | endre wikiteksten]

Ho TV-debuterte i 1999 som sexfiksert, kvinneleg politi i den absurde humorserien Lyckliga gatanTV 2, ei rolle som gjorde henne meir kjend for eit større publikum. Året etter spelte ho rolla som Konrad Sejer si dotter i krimserien Sejer – Se deg ikke tilbake – og returnerte i same rolle i Sejer – Djevelen holder lyset (2002). Ho hadde i perioden 2000–2001 ei av hovudrollene i situasjonskomedien Ca. lykkelig, og i 2000 rolla som narkomane Kristin i antologifilmen og miniserien Fire høytider. Ho har elles medverka i TV-produksjonar som blant anna: Nissene på låven, Sushi (2001), Brørne Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer (2005) og Trond-Viggo og Samfundet (2003 og 2005). Skåber var i 2005 sentral i TV 2 si markering av Noreg sitt 100-årsjubileum. Jubileumshowet vart framført på Drammens Teater og sendt i TV 2 i februar.[21]

Vinteren 2007 var ho midtpunktet i den halvdokumentariske satireserien Hjerte til hjerte. Serien, som var regissert av Marit Åslein, gav Skåber Gullruta same året og fekk brei omtale i media.[22] Ho fekk blanda mottaking av kritikarane, og Per Haddal i Aftenposten gav serien terningkast 2 og skreiv: «Det blir ikke morsomt eller tankevekkende i det hele tatt».[23] Wenche Malvina Wisløff gav likevel programmet gode omtaler og skreiv i Dagbladet: «Timingen og den dramatiske kurven er perfekt, her kommer de komisk / flaue poengene tett som perler på snor. Og det er morsomt, veldig morsomt».[24]

Hausten 2007 erstatta ho Anne-Kat. Hærland som fast paneldeltakar i NRK1 sitt satireprogram Nytt på nytt, ei rolle ho hadde fram til 2013.[25]

Skåber har òg vore ein av dommarane i talentkonkurransen Norske talentar på TV 2 i 2015 og 2017.[26]

I 2017 spelte ho hovudrolla i humorserien Best før, som vart send på TV 2. Serien handla om ei kvinne midt i livet, som på kort tid mista jobben og opplevde eit samlivsbrot.[27][28][29] Dei to første episodane hadde eit sjåartal på 303 000 sjåarar.[30]

Skåber har arbeidd mindre med radio, men hadde i 2001 ei rolle i det kontroversielle radiohøyrespelet Niveanatt, og året etter i høyrespelet Helgenen leker med ilden.[31] Førstnemnde skulle vorte sendt hausten sendt 2001, men vart utsett i fleire månader på grunn av det politiske innhaldet sitt og den internasjonale situasjonen.[32] I 2003 og 2004 medverka Skåber i høyrespelversjonen av Markus, basert på dei kjende bøkene av Klaus Hagerup. Serien vart send på NRK radio og seinare utgjeven på CD av Lydbokforlaget.[33]

Ho var i 2004 og 2005 ein del av deltakarpanelet i Knut Borge sin humoristiske radiospørrekonkurranse 20 spørsmålNRK P1.[34]

Tekstforfattar og forfattar[endre | endre wikiteksten]

Skåber har arbeida som tekstforfattar på ei rekkje oppsettingar og produksjonar ho sjølv har medverka i. I tillegg har ho skrive tekster til oppsettingar ho sjølv ikkje har spelt i. Ved sida av engasjementet i Lompelandslaget hadde ho òg jobba med sceneoppsettingar som Men tankene mine får du alltid, På nett med byen, Hjertelig hilsen Hege & Kjersti, Vi tar bølgen og Hotell Karusell.[35] Ho har òg vore medforfattar på TV-seriar som Lyckliga gatan og Hjerte til hjerte (der ho òg deltok framfor kamera i begge). Skåber var i tillegg tekstforfattar for dei to barne-tv-seriane om Willy Nilsen, som vart sende på NRK i 2006 og 2007.[36]

I 2008 omsette ho manuset til den norske oppsettinga av musikalen Mamma Mia. Musikalen hadde premiere 9. mars 2009.[37]

I 2018 gav Skåber ut ungdomsboka Til ungdommen, illustrert av Lisa Aisato. For denne mottok ho Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris.[38] Hausten 2021 gav ho ut boka Til oss - fra de eldste.[39]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Skåber vart ferdigutdanna ved Statens teaterhøgskule i 1997.[7] Før dette gjekk ho på Westerdals reklameskole og Romerike Folkehøgskole.

Ho var i 2001 redaktør og medforfattar av boka Erotiske dikt: en diktsamling du bør ha under puten.[40] Boka vart relansert i 2007. I nyutgjevinga er det fleire nye dikt som er valde ut og redigerte av Skåber.

Skåber har eitt barn (fødd 2002) saman med musikaren Atle Halstensen.[41]

Skåber medverka i andre sesong av TV-serien Hvem tror du at du er? der sjåarane fekk følgja jakta på informasjon om mor hennar si Benterud-slekt.[42]

Film[endre | endre wikiteksten]

  • 2015: Staying Alive ... Kristin
  • 2013: Meg eier ingen ... Sonja
  • 2011: Kong Curling ... Sigrid Paulsen
  • 2008: Den siste revejakta ... Torill
  • 2006: Gymnaslærer Pedersen .... Rektor
  • 2006: Tommys inferno .... Tommys mor
  • 2005: Thomas Hylland Eriksen og historien om Origamijenta .... søsteren
  • 2004: Vinterkyss (også kjent som Gutten i snøen) .... Wibeke
  • 2000: Get Ready to Be Boyzvoiced .... Wenche Pettersen
  • 1998: 1732 Høtten .... Linn

Kortfilm[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Klippan i livet (Under vignetten Ekko av Ibsen) .... Regine (NRK)
  • 2000: Stuck

Stemmeskodespelar[endre | endre wikiteksten]

  • 2016: Istid 5: På kollisjonskurs – Ellie
  • 2012: Istid 4: Kontinenter på avveie – Ellie
  • 2012: Lorax – Skogens vokter – Mrs. Wiggins
  • 2009: Istid 3: Dinosaurene kommer – Ellie
  • 2006: Asterix og vikingene – Vikea
  • 2005: Istid 2 – Ellie
  • 2005: Tarzan 2 – Terk
  • 1999: Tarzan – Gorillaungen Terk

TV-opptredenar[endre | endre wikiteksten]

  • 2021 Kongen befaler (TVNorge) deltaker
  • 2017 Norske Talenter (TV2) … dommer
  • 2017 - 2018 Best før (TV2) … Lena
  • 2016 I Larsens leilighet (NRK2) … gjest
  • 2015 Norske Talenter (TV2) … dommer
  • 2013 Hvem tror du at du er? (NRK1)
  • 2010 Hjerte til hjerte – Spelet (NRK1)
  • 2009 God natt, elskede (NRK) … Laila Svanøy
  • 2007–13 Nytt på nytt (NRK1)
  • 2007 Hjerte til hjerte (NRK1)
  • 2006 Willy Nilsen (barne-tv-serie på fem episoder) (NRK1)
  • 2005 Hundreårsmarkeringen (TV2)
  • 2003 Trond-Viggo og Samfundet (NRK1)
  • 2005 Brødrene Dal og mysteriet med Karl XIIs gamasjer (NRK1)
  • 2003 Trond-Viggo og Samfundet (NRK1)
  • 2002 Jul på Månetoppen (NRK) … Smånisse
  • 2002 Sejer – Djevelen holder lyset (NRK1) … Ingrid
  • 2001 Nissene på låven (TVNorge) … kona til Svein
  • 2001 Sushi (TVNorge) … flere roller
  • 2000 Fire høytider (mini-serie) (NRK1) … ravid narkoman
  • 2000–01 Ca. lykkelig (situasjonskomedie) (TVNorge) … Liv
  • 2000 Sejer – Se deg ikke tilbake (NRK1) … Ingrid
  • 1999 Lyckliga gatan (TV2) … politietterforsker Elma Sigurdson
  • 1999 Tyven, tyven (NRK1) (Miniserie i tre deler for barn) … mor

Gjesteopptredenar på TV[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Gullruten 2007 (Introduserte de nominerte i kategorien: Beste mannlige programleder) (2007)
  • Bare Brita Show (TVNorge) (2007)
  • Senkveld med Thomas og Harald (TV2) (2007)
  • Beat for beat (NRK1) (2007)
  • Først & sist (NRK1) (4 opptredener i årene 2000, 2006 & 2007)
  • TV-aksjonen 2006 – Leger uten grenser (NRK) .... sminkøren Britt-Lise
  • Den store klassefesten (NRK) (sammen med Dennis Storhøi) (2005)
  • Venneprøven (NRK) (2004)
  • Bumerang (Spørrelek) (NRK) (2000)
  • I kveld med Thomas Giertsen (TVNorge) (1999)
  • XS: Kultur (NRK2) (1997)

Radio[endre | endre wikiteksten]

  • 2004-05 20 spørsmål (konkurranse) NRKs P1
  • 2003-04 Markus (hørespill) .... Ellen Christine (NRK)
  • 2003 Petter Snus og vårmelodien .... Fortellerstemmen (utgitt på CD i 2007)
  • 2003 Zigge med Z (NRK P2) (Barnetimen for de minste) .... Fortellerstemme
  • 2002 Helgenen leker med ilden (radiohørespillserie) NRK
  • 2001 Niveanatt (radiohørespillserie) NRK
  • 1998 Knut Gribb: Den hemmelighetsfulle x

Musikk[endre | endre wikiteksten]

  • Petter Snus og vårmelodien (2007), med Dennis Storhøi
  • Magiske kroker & hemmeligheter (2008), med Jacob Young

Reidar Roses Orkester[endre | endre wikiteksten]

  • Reidar Roses Orkester (1995)
Deltar på
  • Duplex Records: Best of Duplex samlekassetter så langt Vol. 1 (1997)
  • Edel Records: Tarzan (1999)
  • NRK Lydbokforlaget: Knut Gribbs bedrifter (1999)
  • Christopher Grøndahl: Niveanatt (2001)
  • Trond-Viggo Torgersen: Barnetimen for de store (2002)
  • Leslie Charteris: Helgenen leker med ilden (2003)
  • Klaus Hagerup: Markus 1: Markus og rappen • Markus og sporten (2004)
  • Klaus Hagerup: Markus 2: Den hypnotiske Markus • Markus og Julie (2006)
  • Den lille redningsskøyta Elias: På eventyr med Elias (2006)
  • Den lille redningsskøyta Elias: Elias og kongeskipet (2007)
  • Trond-Viggo Torgersen: De du kan + Noe nytt & Noe rart (2007)
  • Johanna Thydell, oversatt av Kirsti Øvergaard: Det mangler en terning (2007)
  • Barneselskapet: Jippi! Det er jul (2007)
  • Barneselskapet: Supersanger med Fantorangen og Kuraffen (2010)
  • Barneselskapet: Barnas jul (2010)
  • Barneselskapet: Jul jul jul! (2011)
  • Mathias Calmeyer: Scandinavian Star – de uløste spørsmålene etter dødsbrannen (2015)
  • Kirkelig Kulturverksted: Fabler om en åpen kirke (2015)
  • Tomas Drefvelin & Redd Barna: Fem sanger fra Rettighetsslottet (2015)

Sceneopptredenar[endre | endre wikiteksten]

Teater[endre | endre wikiteksten]

(Oslo Nye teater)

  • 2019: Sporvogn til begjær … Blanche Dubois[43]
  • 2016: Hvem er redd for Virginia Woolf? … Martha
  • 2015: Pietá … Marie
  • 2012: Scener fra et ekteskap … Marianne
  • 2006: Hvite dager … terapeuten Mette
  • 2005: Utlendingen …
  • 2001: 40 … Fru Askeland
  • 2000: The Rocky Horror Show … Colombia
  • 1999: Beatles … Cecilie
  • 1998: Et hundehjerte
  • 1998: En glad saks … Pia Holtmark
  • 1998: En umulig gutt … sykesøster
  • 1997: En Central natt … ulike roller
  • 1997: Mirandolina … Mirandolina

Andre teatre[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: Fyrster og fanter på Akershus i 700 år (fremført på Akershus festning)
  • 1998: Den onde greve (framført på Herregårdssletta, Larvik)
  • 1997: Kristiania-bohemen, balladen om Hans og Oda … Oda Krohg (og i 2001)
  • 1996: Robin Hood (Sommerteatret i Frognerparken)

Revyar / show[endre | endre wikiteksten]

  • 2010: Kåre, Linn, men Christian Skolmen (Chat Noir)
  • 2007: Tres Amigas
  • 2004: Vi tar bølgen
  • 2003–04: På nett med byen (Edderkoppen teater)
  • 2000–01: Jenter som kommer
  • 2001: Bush og bin Laden-potpurri (med Lompelandslaget)
  • 2001: Lompelandslaget legger lista litt lavere (med Lompelandslaget)
  • 1999: The End (med Lompelandslaget)
  • 1993: En tønne med dritt (med Lompelandslaget)
  • 1992: Min helvetes samvittighet (Det Åpne Teater)

Tekstbidrag[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 Mamma Mia! (under utvikling)
  • 2007 Hjerte til hjerte (TV) (NRK)
  • 2007 Willy Nilsen på camping (barne-tv-serie på fem episoder) (NRK)
  • 2006 Willy Nilsen (TV) (barne-tv-serie på fem episoder) (NRK)
  • 2005: Hotell Karusell
  • 2004: Vi tar bølgen
  • 2003: På nett med byen
  • 2003: Hjertelig hilsen Hege & Kjersti
  • 2003: På nett med byen
  • 2003: Slush
  • 2002: Tilbake til Venus
  • 2002: Men tankene mine får du alltid
  • 2002: Skyfri himmel
  • 2001: Bush og bin Laden-potpurri (Lompelandslaget)
  • 2001: Kvinner på randen rir igjen! (TV) (NRK)
  • 1999: Lyckliga gatan (TV) (TV2)

Prisar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Nominert til Komiprisen 2001 i klassa beste kvinnelege artist, revy og komedie
  • Nominert til Komiprisen 2002 i klassa beste kvinnelege revy- og komedieartist
  • Nominert til Komiprisen 2002 i klassa beste type for «Værdame» i Lompelandslaget
  • Nominert til Komiprisen 2003 i klassa beste kvinnelege artist, revy- og komedie fór På nett med byen og Vi tar bølgen
  • Komiprisen 2006 for sin prestasjon i teaterstykket Utlendingen i klassa beste kvinnelege artist, revy og komedie
  • Gullruta 2007 i klassa beste nyskapning for programserien Hjerte til hjerte på NRK
  • Nominert til Gullruta 2007 i klassa beste kvinnelege skodespelar for Hjerte til hjerte
  • Nominert til Komiprisen 2007 i klassa beste kvinnelege artist i revy og komedie Hjerte til hjerte og Tres Amigas
  • Nominert til Komiprisen 2007 i klassa årets morosamaste for Hjerte til hjerte
  • Nominert til Komiprisen 2008 i klassa beste kvinnelege artist, revy og komedie
  • Nominert til Komiprisen 2008 i klassa beste tilstelling, TV/film for Nytt på nytt (saman med Jon Almaas og Knut Nærum)
  • Nominert til Gullruta 2010 i klassa beste kvinnelege skodespelar for
  • Nominert til Komiprisen 2011 i klassa beste kvinnelege artist, revy og komedie for Hjerte til hjerte – Spelet, Nytt på nytt og Kåre, Linn, men Christian Skolmen
  • Nominert til Komiprisen 2011 i klassa årets morosamaste for Hjerte til hjerte – Spelet, Nytt på nytt og Kåre, Linn, men Christian Skolmen
  • Leonardstatuetten 2012
  • Nominert til Amandaprisen 2012 i klassa beste kvinnelege birolle for Kong Curling
  • Nominert til Komiprisen 2012 i klassa årets morosamaste for Nytt på nytt
  • Nominert til Komiprisen 2013 i klassa beste kvinnelege artist, TV/Film/Nett
  • Nominert til Komiprisen 2014 i klassa årets kvinnelege scenekomiker
  • Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris i 2018 for Til ungdommen
  • Nominert til Humorprisen 2018 i klassa årets sceneshow for Tre elefantar i romma (saman med Hege Schøyen og Cecilie Steinmann Neess)
  • Nominert til Gullruten 2019 i klassa publikumsprisen[44]
  • Leif Justers ærespris 2021[45]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rossiné, Hans (23. juni 1996). «Robin-moro i Frognerparken». Dagbladet. Henta 21. april 2008. [daud lenkje]
  2. Fossum, Tommy (28. september 1997). «Teater som vorspiel». Dagbladet. Arkivert frå originalen 2016-03-06. Henta 21. april 2008. 
  3. Rossiné, Hans (27. oktober 1997). «Pling i bollen». Dagbladet. Henta 21. april 2008. [daud lenkje]
  4. Wiese, Andreas (10. mai 2001). «40 er farlig». Dagbladet. Henta 21. april 2008. 
  5. Rygg, Elisabeth (18. oktober 2006). «Gøyalt spill, gammel komedie». Aftenposten Oslopuls. Henta 21. april 2008. 
  6. «Utlendingen». Oslo Nye. Henta 23. april 2008. 
  7. 7,0 7,1 «Linn skåber | Nationaltheatret» (på norsk). Arkivert frå originalen 2021-11-09. Henta 3. november 2021. 
  8. Sørheim, Sarah (21. januar 2006). «På randen». Dagbladet. Henta 21. april 2008. [daud lenkje]
  9. Ukjent (udatert). «Hvite dager». Oslo Nye. Henta 23. april 2008. 
  10. Løvland, Maja (27. april 2004). «Standup i Norge». Dagbladet. Henta 21. april 2008. [daud lenkje]
  11. Revfem, Jan (23. juli 2020). «Linn Skåber håvet inn - så ble det bråstopp på grunn av korona» (på norsk). Henta 3. november 2021. 
  12. Kjånesøy, Kjartan Brügger (29. januar 2007). «Møt psykopaten Linn Skåber». Dagbladet. Henta 21. april 2008. 
  13. «Rampelys». VG. 30. oktober 1992. Henta 12. april 2009. 
  14. «Bellona i Granet». VG. 10. november 1993. Henta 28. februar 2009. 
  15. Fantoft, Sissel (5. september 1999). «Nå smeller det!». Dagbladet. Henta 21. april 2008. [daud lenkje]
  16. Mürer, Anette (10. september 1999). «Leve lompene!». Dagbladet. Henta 21. april 2008. [daud lenkje]
  17. Ukjent (31. august 2002). «Komiprisvinnerne 2002». NRK. Henta 21. april 2008. 
  18. Kvistad, Yngve (19. september 2003). «Ikke helt på nett...». VG. Henta 23. april 2008. 
  19. Levin, Mona (18. oktober 2006). «Storm og stille i Stavern». Aftenposten Oslopuls. Henta 22. april 2008. 
  20. Levin, Mona (7. juli 2007). «Trekløver på tur». Aftenposten Oslopuls. Henta 21. mars 2008. 
  21. Pettersen, Jørn (18. januar 2005). «De vil lage århundrets TV-fest». VG. Henta 23. april 2008. 
  22. Myhr, Kjell-Ivar (11. juni 2007). «Linn i alle kanaler». Dagbladet. Arkivert frå originalen 2011-06-05. Henta 22. april 2008. 
  23. Haddal, Per (26. januar 2007). «Pinlig for Skåber». Aftenposten. Henta 22. april 2008. 
  24. Wisløff, Wenche Malvina (29. januar 2007). «Linn skårer!». Dagbladet. Henta 22. april 2008. [daud lenkje]
  25. Ratvik, Elise Hellem (2. mai 2013). «Linn Skåber slutter i Nytt på nytt» (på norsk bokmål). Henta 3. november 2021. 
  26. «Linn Skåber blir dommer i «Norske Talenter»» (på norsk bokmål). Henta 3. november 2021. 
  27. «Linn Skåber er klar med ny tv-serie på TV 2». TV 2 (på norsk). 
  28. «TV-anmeldelse «Best før»: Bra nå». VG (på norsk). 
  29. Kleve, Marie (18. mars 2017). «"Best før" er en komiserie du blir fysisk sliten av å se på». Dagbladet. 
  30. Jerijervi, Dag Robert. «Skåber-premiere på TV 2: - Lovende start» (på norsk). Henta 11. august 2017. 
  31. «NRK Upunkt - Niveanatt». Henta 3. november 2021. 
  32. Vargel, Annicken (5. oktober 2001). «Tilfeldig spill». Dagbladet. Henta 22. april 2008. 
  33. Lund, Ingrid K. (29. januar 2004). «-Markus er drømmerollen min». Aftenposten. Henta 23. april 2008. 
  34. Fordal, Jon-Annar (18. november 2004). «Pottetrening skaper bry». NRK. Henta 23. april 2008. 
  35. NRK (16. januar 2003). «Gnistrende jentetrio!» (på norsk bokmål). Henta 3. november 2021. 
  36. Henriksen, Arve (14. mai 2006). «Willy kommer igjen». Aftenposten. Henta 23. april 2008. 
  37. Egeland, Jorunn (20. november 2007). «Suksessen fra Londons West End hentes nå til Oslo». Nettavisen. Henta 23. april 2008. 
  38. «Barne- og ungdomsbokprisen» (på norsk bokmål). Henta 12. desember 2018. 
  39. Kjartan Brügger Bjånesøy: Portrettintervju med Linn Skåber - Aftenposten/Lørdag 2. oktober 2021
  40. «Erotikk - Linn Skåber» (på norsk bokmål). Henta 3. november 2021. 
  41. Hobbelstad, Inger Merete (18. desember 2007). «Nytt på nytt for Linn». Dagbladet. Henta 23. april 2008. 
  42. «Hvem tror du at du er ? 01.01.2013». NRK. 1. januar 2013. Henta 2. januar 2012. 
  43. Gulbrandsen, Lars O. (2. desember 2018). «Lagde hemmelig liste: -Slik tok jeg tilbake livet» (på norsk). Henta 26. januar 2019. 
  44. «Dette er de nominerte til Gullruten 2019». NRK.no. 5. april 2019. Henta 10. mai 2019. 
  45. Dagsrveyen: Juster-prisen deles ut (TV-innslag). nrk.no. 24. juni 2021. Henta 26. juni 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]