Ita Ever

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ita Ever
Ita Ever 1993. aastal.jpg
Fødd1. april 1931 (90 år)
FødestadPaide
FødenamnIlse Ever
Verka somskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar
EktefelleEino Baskin
SambuarGunnar Kilgas
BornRoman Baskin
PrisarFolkets kunstner, PÖFFi elutööpreemia, 3. klasse av Den hvite stjernes orden, Eesti NSV teeneline kunstnikIn, Oskar Lutsu humorpris, Årets kvinne i Estland, Tallin Medal

Ita Ever (fødd 1. april 1931 i Paide),[1] opphavleg Ilse Ever, er ein estisk skodespelar som har opptedd i film, radio, teater og fjernsyn.

Ever byrja karrieren på scena i 1953, og spelte i talrike estiske og russiske filmar. Ho var gift med den estiske skodespelaren Eino Baskin og er mor til skodespelaren og regissøren Roman Baskin.[2]

I 1983 spelte ho Miss Marple i Tayna "Chyornykh drozdov, ein russiskspråkleg versjon av Agatha Christie sin roman A Pocket Full of Rye.[3]

Ho har opptredd på scene og film i verk av mellom anna Oskar Luts, A.H. Tammsaare, Mats Traat, Agatha Christie, Nikolaj Gogol, William Shakespeare, John Steinbeck, Henrik Ibsen og Anton Tsjekhov.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Profile, draamateater.ee; henta 30. mars 2015}}
  2. Filmi Arhiiv: Ita Ever 80 henta 1. april 2015
  3. PBS Mystery website, pbs.org; henta 30. mars 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]