Ivar Odnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Odnes
Ivar Odnes (2017-03-23 bilde01).jpg
Fødd25. mai 1963
Lillehammer
Død5. oktober 2018 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, byggmeister

Ivar Odnes (25. mai 19635. oktober 2018) var ein norsk byggmeister, musikar og politikar, oppvoksen i Vågå, som representerte Oppland fylke og SenterpartietStortinget frå oktober 2017 til han døydde av kreft eitt år seinare.

Odnes var bygningsmann i unge år, til dess han utdanna seg ved Norges Trelastskole på Lillestrøm. Sidan arbeidde han 1998-2002 som byggjeplassleiar ved Aasheim Bygg AS og der etter ved Toten Bygg og Anlegg i 2002–11, busett i Østre Toten. Frå 2011 til 2017 var han fylkesvaraordførar i Oppland. Ved stortingsvalet 2017 var Odnes Senterpartiet sin fyrstekandidat i Oppland. På Tinget vart han vald inn i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Odnes var kommunestyremedlem i Vågå i 6 år. Frå hausten 2003 til han vart vald inn på Stortinget representerte han Senterpartiet i Oppland fylkesting, varaordførar dei siste 6 åra.

Frå 1984 spelte Odnes fele i folkemusikkgruppa Nye Ringnesin. I 2013 tok han over vervet som nestleiar i styret i Norsk Kulturarv. Han var elles styremedlem i NFF Indre Østland, leiar 2016-18 i Senterpartiets studieforbund og 2015-17 Kommunenes Sentralforbund Oppland og same perioden leiar av bedriftsforsamlinga i Eidsiva Energi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

allkunne