Ivar Ramstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivar Ramstad
Fødd 3. februar 1924
Død

26. april 2009

Ivar Ramstad (3. februar 192426. april 2009) var ein norsk friidrettsutøvar frå Inderøy. Han vann tre norske meisterskap i diskoskast og tok åtte NM-medaljar i øvinga i perioden 1946-54. I 1948 kom han på fjerdeplass i diskoskasting under sommarleikane. Den høge, sterke trøndaren representerte Røra Idrettslag, og var gardbrukar på bruket Nygjerdet vest for Røra, samt forretningsførar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ramstad vart norsk meister i diskoskast i åra 1947-49. Alle åra frå 1947 til -51 stod kampen om NM-tittelen mellom Ramstad og Stein Johnson, dei to siste åra måtte Ramstad nøye seg med sølvmedaljar.

Under friidrettslandskampen mellom Noreg og Danmark i juli 1948 presterte Ramstad sitt livs beste kast då han på Bislett stadion slengde diskosen 52,32 meter. Rekordkastet, 75 cm lengre enn førre noregsrekord, vart ståande som norsk rekord i 11 år. Ein månad etter rekordkastet på Bislett vart Ramstad nummer fire i diskostevlinga under sommar-OL i London med 49,21 m i slutt protokollen. I ettertid meinte Ramstad at han ikkje var i same form som tidlegare på sommaren, grunna hardt arbeid på heimegarden.

Ramstad deltok aktivt til 1958, men nådde ikkje dei same lengdene etter 1950.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: Bronse – 44,96 m
  • 1947: Gull – 47,34 m, framom Stein Johnson (45,28 m)
  • 1948: Gull – 48,61 m, framom Stein Johnson (47,94 m)
  • 1949: Gull – 49,59 m, framom Stein Johnson (46,89 m)
  • 1950: Sølv – 46,00 m, bakom Stein Johnson (47,62 m)
  • 1951: Sølv – 47,60 m, bakom Stein Johnson (48,04 m)
  • 1953: Bronse – 44,87 m
  • 1954: Sølv – 44,50 m, bakom Reidar Hagen (49,90 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall, 1971