Bislett stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bislett stadion.
Foto: Kjetil Ree, 2007.

Bislett stadion er ein norsk idrettsstadion som vart bygd i 1922. Stadionet står i bydelen St. Hanshaugen i Oslo og er det mest kjende idrettsanlegget i Noreg, ved sida av Holmenkollbakken. Friidrettsstemnet Bislett Games har blir arrangert på stadion kvart år sidan 1966. Det er også heimebane for fotballaget Skeid.

Tidlegare vart stadionet brukt også som skøytebane, slik tilfellet var under vinter-OL 1952. I 1988 vart det avgjort at stadionet berre skulle vera til friidrett og fotball, ikkje til skøytesport. Stadionet vart rive heilt ned i 2004 og det nye Bislett stadion stod klart til Golden League-stemnet i juli 2005.

Historie[endre | endre wikiteksten]

"I 2004 ble hele stadion jevnet med jorden for å gjenoppstå i ny drakt til Bislett Games bare ett år senere", skreiv media.[1]

Planar[endre | endre wikiteksten]

I 2018 skreiv media at "Deler av Bislett stadion kan bli revet når Oslo bygger ny sentrumstunnel og ny T-banestasjon på Bislett".[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. 1,0 1,1 https://www.nrk.no/ostlandssendingen/deler-av-bislett-stadion-kan-bli-revet-1.14029573