Hopp til innhald

Izjevsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Izjevsk
Ижевск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Udmurtia
Høgd 140 m
Areal 315,15 km²
Folketal 616 297 (1. januar 2025)
Grunnlagd 10. april 1760
Postnummer 426xxx
Retningsnummer +7 3412
Bilnummer 18
Kart
Izjevsk
56°51′00″N 53°13′00″E / 56.85°N 53.216666666667°E / 56.85; 53.216666666667
Wikimedia Commons: Izhevsk

Izjevsk[a] er hovudstaden i republikken Udmurtia i Russland. Han ligg ved elva Izj vest i Uralfjella.

Byen var tidlegare ein ingeniørby og vart grunnlagd som ein stad der det vart gjort alle slags former for metallarbeid, hovudsakleg produksjon av maskineri og våpen. Izjevsk er ein av dei mest kjende våpenbyane i Russland, og det var her Mikhail Kalasjnikov utvikla det kjende geværet AK-47. Kalasjnikov bur framleis i Izjevsk. Det finst òg ein bil- og motorsykkelfabrikk i byen som har merket IZJ (ИЖ).

Under sovjettida var Izjevsk ein lukka by som var stengd for utlendingar på grunn av dei mange militære fabrikkane som låg her.

  1. russisk Иже́вск; udmurtisk Ижкар, Ižkar. Frå 1985 til 1987 kalla Ustinov (russisk Усти́нов), etter Dmitrij Ustinov

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Izjevsk