Glazov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glazov
Глазов
Horisonten til Glazov
Flagget til Glazov Byvåpenet til Glazov
Flagget til Glazov Byvåpenet til Glazov


Plassering
Glazov is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Udmurtia
Først nemnt i
Bystatus
1678
1780
Borgarmeister Vladimir Peresjein
Geografi
Flatevidd
 - By

69 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

99 600
  1 443,5 /km²
Koordinatar 58°08′00″N 52°39′00″EKoordinatar: 58°08′00″N 52°39′00″E
Høgd over havet 150 moh
Tidssone
- Ved sommartid
SAMT (UTC+4)
SAMST (UTC+5)
Diverse annan informasjon
Postnummer 427620–427631
Retningsnummer (tlf) (+7)34141
Nettstad: www.glazov-gov.ru

Glazov (russisk Гла́зов, udmurtisk Глазкар – Glazkar) er ein by i Republikken Udmurtia i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tsjeptsa, 150 km nord for Izjevsk.

Byen vart grunnlagt som ein landsby på 1500-talet og fekk bystatus i 1780.

Under den russiske borgarkrigen var byen militært viktig. Han vart erobra av Koltsjak sin general Anatolij Pepeljajev 2. juni 1919.

Glazov ligg ved den transsibirske jernbanen.

Byen er kjent for Tsjepetsk Mekaniske Fabrikk, som er hovudprodusenten av uran, zirkonium og kalsium-metall til atomkraftverk, militære og romfartsteknologi i Russland. Byen har òg verksemder innan treforedling-, tekstil- og næringsmiddelindustri.