Jökulsá á Fjöllum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jökulsá á Fjöllum
elv
none  Jökulsá á Fjöllum etter Dettifoss
Jökulsá á Fjöllum etter Dettifoss
Land Flag of Iceland.svg Island
Lengd 206 km
Kjelde Vatnajökull
Munning Atlanterhavet
Wikimedia Commons: Jökulsá á Fjöllum

Jökulsá á Fjöllum (islandsk uttale jøkuls-ao ao fjødlum) er den nest lengste elva på Island med ei lengd på 206 km. Ho har utspring ved isbreen Vatnajökull.

Dei siste 30 km av elva, før ho munnar ut i Atlanterhavet, er dei mest interessante. Elva renn gjennom dei to fossane Selfoss og Dettifoss og gjennom gjelet i Jökulsárgljúfur nasjonalpark. Dette gjelet vart danna då ei ein vulkan eksploderte direkte under elva. Etter utbrotet har elva funne ei ny lei gjennom dei kaotiske restane av fjellet. Parken er ein av fire nasjonalparkar på Island.

Gjelet Ásbyrgi, som er danna som ein hestesko, har òg vorte grave ut av same elv.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]