Jødiske trusprinsipp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jødiske trusprinsipp er trusprinsipp innan jødedommen. Medan jødedommen alltid har halde på eit tal trusprinsipp, så finst det ikkje noka universelt godteken truvedkjenning, nokon fast dogmatikk, nokon fast definert korpus av ortodoks tru eller nokon fullt ut bindande katekisme. Denne pluralistiske haldninga til religiøs lære går attende minst 2 000 år og gjer det vanskeleg å gjeva noka fulldekkjande skildring av jødisk teologi. Enkelte rabbinarar, meinigheiter og rørsler har til tider vore einige om faste trussetningar, men samtidig har andre rabbinarar og jødiske grupper gjerne vore ueinige i detaljane. Sidan det spesifikt ikkje finst nokon sentralisert religiøs autoritet, har normalt ikkje noko spesifikt trusprinsipp vunne over noko anna trusprinsipp.

Da den jødisk-romerske historikaren Josephus prøvde å definere kven som er jødisk, la han vekt på religiøs praksis og tradisjonar heller enn på religiøs tru, og han definerte heresi som avvik i praksis heller enn som avvik i tru. Han viste til at konvertering til jødedommen inkluderte omskjering [av menn] og å binde seg til å halde seg til tradisjonell jødisk praksis. Samtidig er det på den andre sida klårt at trusprinsipp òg kan spela ei rolle, særleg i ortodoks jødedom. Trusprinsipp som ortodoks jødedom reknar som viktige nok til at den som avvisar dei offentleg risikerer å bli rekna som apikoros (‘heretikar’) inkluderer trua på at Toráen vart openberra av Gud.

I løpet av århundra er eit tal klåre formuleringar av jødiske trusprinsipp vortne framsette; mange av dei med visse fellestrekk, men med avvik i mange detaljar. Ei grundig saumfaring av dei viser mykje variasjon i toleransen for ulike teologiske perspektiv. Av alle desse er den formuleringa som blir rekna som mest autoritativ dei tretten trusprinsippa åt Maimonides:

  1. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han skapte og rettleidde alt det skapte; og Han åleine laga, lagar og vil laga alt det lagde.
  2. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er Éin, og det finst ikkje ein skapar som Han blant alle andlet; og Han åleine var, er og vil vera vår Gud.
  3. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, ikkje har kropp, ikkje noko kroppsleg kan setjast i samband med Honom og Han har ikkje noka som helst slags form.
  4. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er den Første og Han er den Siste.
  5. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han åleine er det rett å be til; og det er ikkje rett å be åt nokon annan.
  6. Eg trur med full tillit at alle profet-orda er sanne.
  7. Eg trur med full tillit at profetiet åt Mosjé (Moses) læraren vår, fred vere med honom, var sant, og at han var far åt alle profetane, dei som var føre honom og dei som var etter honom.
  8. Eg trur med full tillit at heile Toráen som vi eig no er den Toráen som vart gjeven åt Mosjé, læraren vår, fred vere med honom.
  9. Eg trur med full tillit at denne Toráen ikkje vil endrast, og det vil ikkje komma ein annan Torá frå Skaparen, signe Namnet Hans.
  10. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, veit alle gjerningar åt menneska og alle tankane deira — som det er sagt: «Den som formar hjarta deira alle, Den som skjønner alle gjerningane deira.» (Salme 33:15)
  11. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, gjer godt mot voktarane av boda Sine, og straffar overtrædarane mot boda Sine.
  12. Eg trur med full tillit at Masjíaḥ (Messias) vil komma, og enda om han lèt vente på seg, vil eg venta kvar dag på at han kjem.
  13. Eg trur med full tillit at dei døde vil livne opp att på den tida det behagar Skaparen, signe Namnet Hans og setje minnet Hans høgt for evig og i ævers æva.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]