Jøfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jøfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hammerfest
Kart
Jøfjorden
70°31′44″ N 23°14′37″ E

Jøfjorden (samisk Stuoravuotna ) er ein fjord på øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 11 km sørover til Straumen (samisk Stovma) i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kobbevikneset i vest og Søre Veggenes i aust. På austsida av fjorden i den ytre delen ligg den om lag 500 meter høge Jøfjordveggen på austsida. Ved Gammelværneset i sørenden av Jøfjordveggen går fjordarmen Tverrfjorden austover til grenda Tverrfjord. Straumsnes ligg nesten heilt inst i fjorden og dannar eit smalt sund på austsida av fjorden. Innanfor Straumsnes vert fjorden kalla Straumen. Fjorden er 233 meter på det djupaste, midt i fjorden vest for Gammelværneset. Koordinatar: 70°31′43.640″N 23°14′37.093″E