Jøkelfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jøkelfjorden (samisk Jiehkervuotna) er ein fjordarm av Kvænangen i Kvænangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 17 km nordaustover til Nerisen ved Øksfjordjøkelen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Nevernes i nordvest og Jøkelfjordklubben i søraust. Bygda Jøkelfjord (samisk Gulpenjárga) ligg på sørsida av fjorden eit stykke inn. Tvers over på andre sida går fjordarmen Tverrfjorden nordover. Innover til Jøkelfjordeidet ligg det fleire små gardsbruk langs sørsida av fjorden. Litt nord for Jøkelfjordeidet ligg garden Saltnes og frå her og innover er det ingen fleire busetnader. Den inste delen av fjorden vert kalla Isfjorden. Ved innløpet til Isfjorden går vika Skalsa nordover mot Skalsavatnet.

Fv365 går langs delar av sørsida av fjorden.