Kvænangen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Kvænangen» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Kvænangsfjorden.
Kvænangen kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Burfjord
Areal 2 108 km²
 - land 2 012 km²
 - vatn 96 km²
Folketal 1 231 (1. januar 2016)
Folketettleik 1 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Eirik Losnegaard Mevik (Ap)
Kommunenummer 1943
NO 1943 Kvænangen.svg
Wikimedia Commons: Kvænangen

Koordinatar: 69°56′20″N 22°03′00″E Kvænangen kommune (nordsamisk Návuona suohkan, kvensk Naavuonon komuuni) ligg lengst nord i Troms. Kommunen grensar mot Loppa kommune i nord, Alta i aust, Kautokeino i sør, Nordreisa i sørvest, og Skjervøy i vest. Kvænangen høyrer til regionen Nord-Troms.

Namnet Kvænangen kjem av «kvæner» ('kvener') som er norsk for «finsktalande folk», og angr som er norrønt for «fjord».

Næringsverksemda i Kvænangen har lenge vore basert på primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske, men dei fleste sysselsette i kommunen arbeider no innan tenesteytande næring. Nye næringar som har hatt vekst i kommunen er fiskeoppdrett og turisme.

Kommunesenteret i Kvænangen er Burfjord. Næraste flyplass er Sørkjosen lufthamn i nabokommunen Nordreisa, med flyruter til Tromsø, Hammerfest og Kirkenes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvænangen kommune vart oppretta i 1863, då han vart skilt ut frå Skjervøy kommune. Folketalet var då 2785. I 1965 vart Meilandsområdet på fastlandssida av Haukøysundet, med 12 innbyggjarar, overført frå Skjervøy til Kvænangen, og i 1972 gjekk eit ubygd område same vegen.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Kvænangen kommune frå 1875:

1875[1] 1900[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
1646a 1764a 1903a 1973a 2402a 2511a 2382a 2090 1842 1638 1427 1316
a Talet omfattar ikkje Meilandsområdet, som var del av Skjervøy kommune fram til 1965, då det vart overført til Kvænangen kommune. Dette området hadde då 12 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Kvænangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.