Jørgen Grave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Grave
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1909
Drangedal
Død

21. januar 1988 (78 år)

Yrke politikar, redaktør
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Jørgen Grave (28. mars 190921. januar 1988) var ein norsk lekpreikar og stortingsrepresentant frå Drangedal. Han møtte på Stortinget for Kristeleg Folkeparti i to periodar på 1950- og 1960-talet.

Grave var son til ein småbrukar. Etter å ha gått Vestmar folkehøgskole skuleåret 1926/27 arbeidde han i ymse tenester. Frå 1933 til -35 gjekk han predikantkurs på Indremisjonsselskapets bibelskule. Sidan var han reisesekretær i Det norske lutherske Indremisjonsselskap. I tida 1958 til 1961 var han redaksjonssekretær i «For Fattig og Rik». Han var elles i mange år medarbeidar i avisa Vårt Land.

I åra frå 1947 til 1957 var Grave medlem i Drangedal heradsstyre. Perioden 1954-57 møtte han på Stortinget, vald inn frå Telemark fylke og for Kristeleg Folkeparti. Han lukkast ikkje å verte attvald i 1957, derimot vart han vald inn på Stortinget att i 1961. Begge bolkane var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]