Georg Mohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jørgen Mohr)
Georg Mohr

Fødd1. april 1640
København
Død26. januar 1697
Sławnikowice, Lower Silesian Voivodeship
NasjonalitetDanmark
Områdematematikk
Yrkematematikar

Jørgen Mohr (latiniseret som Georg(ius) Mohr) (fødd 1. april 1640 i København, død 26. januar 1697 i Kieslingswalde i Tyskland) er ein dansk matematikar. Han har fått æra av å vere den første som viste at dei geometriske konstruksjonane til Euklid kan utførast med passar åleine, utan bruk av linjal. Etternamnet opptrer òg på forma Morenthal, etter faren David Morenthal.

Georg lærde matematikk av foreldra, men det er ikkje kjent om han studerte ved universitetet i København. I 1662 reiste han til Nederland for å studere ved universitetet i Leiden under Huygens og Spinoza. Han gjorde òg studiereiser til Frankrike og England. Mohr var lite kjent som matematikar i samtida, sjølv om han korresponderte med ei rekkje matematikarar. Leibniz mottok eit arbeid frå Mohr om rotutdraging.

I 1672 deltok han i krigen mellom Nederland og Frankrike og sat ein periode som krigsfange på fransk side. Han var heime igjen i Danmark omkring 1681 og vart der tilbode ei stilling av kong Christian V innanfor skipsbygging. Han avslo likevel denne og reiste tilbake til Nederland i 1687. Same år gifta han seg , og han fekk ein son fødd omkring 1692.

Saman med familien reiste Mohr i 1695 til Kieslingswalde i Tyskland for å arbeide for matematikaren Tschirnhaus, som han hadde møtt ved fleire høve tidlegare, både i Nederland, Frankrike og England.

Hovudverket til Mohr er Euclides Danicus som vart utgjeve i Amsterdam i 1672. I denne viser Mohr at alle geometriske konstruksjonar i dei seks første binda av Element av Euklid kan utførast med passar åleine, utan bruk av linjal. Boka vart total neglisjert i over 250 år, og æra for å vise at linjalen er eit overflødig hjelpemiddel gjekk i mellomtida til italienaren Lorenzo Mascheroni, som på uavhengig grunnlag beviste setninga i 1797. Etter gjenoppdaginga av Euclides Danicus nyttar ein gjerne nemninga Mohr-Mascheronis-setninga.

Det var den danske studenten Viktor Beck som i 1927 gjenoppdaga ein hollandsk versjon av Euclides Danicus i eit antikvariat i København. Han var ikkje sjølv i stand til å lese boka, men førte ho til professor Johannes Hjelmslev, som forstod at innhaldet var viktig. I ettertid har ein kunna fastslå at eksemplar av boka òg finst i Det Kongelege Biblioteket i København, utan at innhaldet har vore kjent.

Ei anna bok av Mohr som er kjent i dag er Compendium Euclides Curiosi, som omhandlar geometriske konstruksjonar der passaren er føresett å ha ei fast opning. Ei nederlandsk utgåve er trykt i 1673, ei engelsk utgåve i 1677.

Georg Mohr har gjeve namn til Georg Mohr-konkurransen, ein årleg matematikk-konkurranse for gymnaselevar i Danmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]