Jørgen S. Lien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen S. Lien
Fødd 2. november 1909
Død

2. juni 1982

Jørgen Sigurd Lien (2. november 19092. juni 1982) var ein norsk industrimann frå Bergen, som i si tid dreiv det stort med framstilling av reknemaskinar og kassaapparat.

Lien, som var son til ein målarmeister, gjekk handelsskule og arbeidde åra 1928-31 som seljar. I 1931 var han med å danne firmaet Jørgensen & Lien, eit firma som skifta namn til Jørgen S. Lien då han to år seinare vart eineeigar. Firmaet omsette importert kontorutstyr, så som møblar, maskinar og pengeskap. Under andre verdskrigen byrja det å lage eigne pengeskap og reknemaskinar, høvesvis Jøli og Regna, begge dei fyrste norskproduserte i sitt slag.

Etter verdskrigen satsa Lien stort på å take i bruk fyrsteklasses produksjonsteknologi. I 1950- og 60-åra ekspanderte firmaet mykje, til det i andre halvpart av 1960-talet nådde 1300 tilsette i inn- og utland, av dei om lag 700 ved fabrikken i Bergen. Lien la stor vekt på produktvikling, noko som var kostbart og gjorde at firmaet trong ein stor eksportmarknad. På verdsmarknaden var firmaet ein «betydelig spesialfabrikk for regnemaskiner og kassaapparater», men mangel på kapital gjorde at firmaet gjekk konkurs i 1971.

Sidan dreiv Lien nokre få år eit firma i same bransje, plassert i Irland, før han til sist hadde hand om eit agentur i heimbyen Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]