Jørnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jørnfjorden er ein fjordarm av Eidsfjorden i Bø kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 7 km nordover til Nedre Verhalsen.

Fjorden har innløp mellom Ringstad fyr i vest og Mikkelsøya i aust. Grenda Auvåg ligg på vestsida like ved innløpet, medan Røsnes ligg på austsida. Rett nord for Auvåg ligg dei to vågane Nordvågen og Langfjorden. Ein liten fjordarm lenger inn i fjorden heiter Kvernfjorden. Han strekkjer seg om lag 800 meter inn til grenda med same namn på austsida. På andre sida av vestfjorden ligg grenda Klaksjord.

Fv913 går langs heile austsida av fjorden.