Jøssundfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jøssundfjorden er ein fjord i Flatanger kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 7,5 km søraustover til Jøssund i botn av fjorden. Fjorden er 233 meter på det djupaste.

Fjorden har innløp mellom Smo i vest og Skrotten i aust. Grenda Hårnes ligg på vestsida like innanfor innløpet. Ved Håneset snur fjorden austover og vert langt breiare med fleire viker i både nord, aust og søraust. Kilgapet går nordover til garden Kilan, medan Vedvika går austover til garden med same namn. Sjølve fjorden held fram sør-søraustover og i denne delen er det berre ein isolerte, veglause gardar langs vestsida før Jøssund i botn av fjorden.

Fv491 går langs delar av fjorden i sør, medan Fv492 går langs delar av fjorden i vest lenger ute.


Koordinatar: 64°25′19.733″N 10°45′20.214″E