Jaakko Tallus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaakko Tallus

2010 Winter Olympics Jaakko Tallus in nordic combined LH10km.jpg

Statsborgarskap Finland
Fødd 23. februar 1981
Lieksa
Idrett kombinert
Yrke kombinertløpar

Jaakko Tapio Tallus (fødd 23. februar 1981) er ein finsk tidlegare kombinertrennar frå Lieksa som i perioden 2001-07 vann eitt individuelt OL-sølv i 2002 og fem medaljar i lagtevlinga med Finland, der i mellom OL-gull i 2002 og VM-gull i 2007.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tallus vart nummer to i eit verdscuprenn i Schonach 3. januar 1999, knapt 18 år gammal. Både i 2000- og 2002-sesongen kopierte han plasseringa i verdscuptevlingar, men lukkast aldri gå til topps på sigerspallen individuelt.

Derimot bidrog han til finske triumfar i lagtevlingar. Saman med Jari Mantila, Samppa Lajunen og Hannu Manninen tok han bronsen i Ski-VM 2001, vinteren etter vann den same kvartetten lagtevlinga under vinterleikane i Salt Lake City. I dei same leikane tok Tallus sølvmedalja i normalprogrammet og vart nummer fire i halvprogrammet, landsmannen Lajunen vann begge øvingane.

Både i Ski-VM 2003 i Val di Fiemme og Vinter-OL 2006 fekk Tallus og Finland bronsemedaljar i lagtevlinga. I begge dei individuelle OL-tevlingane vart han femtemann, på normalprogrammet tapte han kampen om bronsemedalja i innspurten.

I Ski-VM 2007 i Sapporo deltok Tallus saman med Anssi Koivuranta, Janne Ryynänen og Hannu Manninen på det finske laget som vann ein klar siger i lagtevlinga. Han la opp etter OL-sesongen 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]