Salt Lake City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salt Lake City
by
Land  USA
Stat Utah
Areal 289,261251 km²
Folketal 199 723 (1. april 2020)[1]
Kart
Salt Lake City
40°45′00″N 111°53′00″W / 40.75°N 111.88333333333°W / 40.75; -111.88333333333
Wikimedia Commons: Salt Lake City

Salt Lake City er hovudstad i den amerikanske delstaten Utah. I 2001 hadde han 181 743 innbyggarar (2 000 000 metro). Storbyområdet, som dekker Great Salt Lake, Summit og Tooele County har ei utrekna folkmengd på 1 018 826 personar.

Byen ligg i ein dal i Rocky Mountains, i ei høgd på mellom 1319 og 1584 meter over havet. Nordvest for byen ligg Great Salt Lake (Store saltsjø).

Byen vart grunnlagd i 1847 av medlem av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage, som kom dit under leiing av Brigham Young. Hovudsetet for kyrkja ligg i byen. Dei første fem åra heitte byen Great Salt Lake City ('Store saltsjøby'). Bynamnet blir ofte forkorta som SLC eller Salt Lake.

I 2002 arrangerte Salt Lake City vinter-OL og dei Paralympiske vinterleikane i 2002. Dette var tredje gongen USA arrangerte vinter-OL.

Salt Lake City i 2009.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Entering the Great Salt Lake Valley. Mormonarane, leidde av Brigham Young, kjem til Salt Lake Valley, måleri av C.C.A. Christensen.

Urfolk levde i området i tusentals av år før kvite innbyggarar busette seg der. Dei første kvite var mormonarar som kom i juli 1847. Etter å ha grunnlagd ei kyrkje i New York i 1830, flytta dei vestover på grunn av at dei vart forfølgde. Når dei kom til Great Salt Lake-dalen, meinte leiaren deira Brigham Young at dei hadde funne sin fristad.

I 1849 organiserte mormonarane ein ny stat, Deseret. Kongressen i USA godkjende ikkje dette. men oppretta Utahterritoriet i 1850 i staden med Great Salt Lake City (namnet vart forkorta til Salt Lake City i 1868) som hovudstad. Salt Lake City vart inkorporert i 1851 og utnemnd til hovudstad i Utah. Utah vart eigen delstat i 1896.

Mormonarane sin praksis med polygami og neglisjering av styresmaktene leidde til konfliktar. I 1857 utspelte det seg ein disputt, den så kalla Utah-krigen (Utah War). Regjeringa meinte at mormonarane undergravde statlege lover og sende troppar til staden. Mormonarane hadde evakuert staden og byen unngjekk strid. Fort Douglas vart likevel bygd aust om staden i 1862.

Den transkontinentale jernbanen vart bygd ferdig i 1869 og i 1870 gjekk det ei linje frå denne til Salt Lake City. Gruvedrifta auka takka vere jernbanen og folketalet vart dobla på 1880-talet. Med unnantak for den nasjonelle depressjonen i 1893, heldt staden fram å vikle. Folketalet passerte i år 1900 50 000 og i 1930 140 000. Gjennom eit kyrkjeleg manifest i 1890 frårådde ein polygami. Dette vedtaket hjelpte Utah med å få statsrettar i 1896.

Auka etterspurnad på metall under andre verdskrigen skapte ein ny gruvdrifts-boom, og ein tid av industriell ekspansjon etterfølgde krigen. På midten av 1900-talet flata innbyggartalet i byen ut på eit stabilt nivå. Ferdigstillinga av diverse byggeprojekt har hjelpt byen å halde ein livskraftig bykjerne. På vårvinteren 2002 arrangerte Salt Lake City dei Olympiske vinterlekane.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Salt Lake-tempelet
  • 181 743 innbyggarar i sjølve Salt Lake City.
  • 1 622 073 innbyggarar i storstadsområdet.
  • Cirka 51 prosent av innbyggarane er mormonar.

Salt Lake Citys befolkning er spreidd på 39 803 familiar og 71 461 hushald. Folketalet i byen utgjer 8,1 % av Utah sine innbyggarar. Gjennomsnittsalderenn er på 30 år for dei som bur i byen.

  • Alderssamansetting - Av innbyggarane er:
    • 23,6 % 0 - 18 år
    • 15,2 % 18 - 24 år
    • 33,4 % 25 - 44 år
    • 16,7 % 45 - 64 år
    • 11,0 % 65 år eller eldre

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Flytrafikk[endre | endre wikiteksten]

Sport[endre | endre wikiteksten]

Profesjonelle lag i dei store lagsportane[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Salt Lake City
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.