Jacmel
Jacmel (haitisk: Jakmèl, taino: Yaquimel) er ein by i det sørlege Haiti som vart grunnlagd i 1698. Byen er hovudstad i departementet Sud-Est, og hadde eit folketal på om lag 40 000 i 2003.
Byen har mange historiske bygningar som vart bygde tidleg på 1800-talet, og har vore på lista over føreslåtte verdsarvstader. UNESCO rapporterte at han hadde fått skadar i jordskjelvet i Haiti 2010.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Jacmel» på Wikipedia på engelsk, innhenta 29. juli 2010.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Heritage in Haiti» på UNESCO.org.