Jacob Berner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Berner
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. januar 1900
Brooklyn
Død

6. august 1941 (41 år)
Oslo

Idrett ishockey, fotball

Jacob Berner (8. januar 19006. august 1941) var ein norsk fotballspelar og bandy- og ishockeyspelar. Han vart fødd av norske foreldre i New York i USA, familien flytta tilbake til Noreg same året. Berner var i alle år medlem av Trygg, og representerte klubben i kva idrett det gjaldt.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Berner spela 25 fotballlandskampar for Noreg i perioden 1923 til 1930, i tre år var han landslagskaptein. Berners posisjon på bana var venstre half. Han var med og vinne den nordiske fotballturneringa 1929-32 for Noreg.

Berner var med på å vinne noregsmeisterskapen i ishockey med Trygg i 1935. Han deltok også i fire landskampar for Noregs landslag i bandy.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Nordisk meister i fotball 1929-32 for Noreg
  • Norsk meister i ishockey med Trygg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]