Jacob Modalsli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Modalsli
Fødd 1. april 1911
Strømm
Død

31. januar 1984

Yrke embetsmann

Jacob Modalsli (1. april 191131. januar 1984) var ein norsk embetsmann frå Strømm i Vestfold.

Modalsli gjekk ut frå Noregs Landbrukshøgskule i 1936, og var åra 1947-49 generalsekretær i Norges Bondelag. Dei neste tre åra var han sjef for Direktoratet for eksport- og importregulering. I tida 1952 til 1966 var han forsvarsråd, med unnatak for ei kort periode i 1960-61 då han var administrerande direktør i Statens bygge- og eigedomsdirektorat. Frå 1966 til 1981 var han fylkesmann i Østfold.

Modalsli var i 1948 med i den fyrste Budsjettnemnda for jordbruket, der han hadde plass til 1954. Han var formann i Østfold historielag i tida 1968-74.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]