Jacqui McShee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacqui McShee
Pentangle2007.jpg
Fødd 25. desember 1943, Catford
Jacqui McShee på Commons

Jacqueline «Jacqui» McShee (fødd 25. desember 1943) er ein engelsk songar. Sidan 1966 har ho vore medlem av Pentangle, eit jazzpåverka folkrockband.

McShee sin musikalske karriere starta som visesongar i britiske viseklubbar i midten av 1960-åra.[1] Etter å ha arbeidd med John Renbourn var ho med på å danne Pentangle.[1]

Pentangle utvikla seg raskt til eit av dei første britiske folkrockbanda. I tillegg til å trekkje til seg fans frå tradisjonell britisk folkmusikk, hadde dei og eit publikum innan rock, pop og psykedelisk folk.[2] Det originale bandet spelte i blanding av balladar, blues og jazz, ofte i same musikkstykke.

I 1994 danna McShee eit nytt band kalla Jacqui McShee's Pentangle som framleis spelar i dag.[1]

I 1995 spelte McShee som studiomusikar, i lag med ektemannen, trommeslagar Gerry Conway, på albumet Active in The Parish av visesongaren David Hughes. Det vart av magasinet Q kåra til Årets album.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Harris, Craig. «Jacqui McShee Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p104758/biography. Henta 4. februar 2011. 
  2. Unterberger, Richie. «Pentangle Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p2101/biography. Henta 4. februar 2011.