Jadar i Serbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jadar (Јадар)
elv
Jadar.jpg
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 79 km
Kjelde Vlašić, nordvest i Serbia
Munning Drina, nær Straža, Loznica
Wikimedia Commons: Jadar River (Serbia)

Jadar (serbisk Јадар) er ei elv vest i Serbia med ei lengd på 79 km. Ho er ei sideelv til Drina frå høgre. Jadar har gjeve namn til regionen med same namn vest i Serbia.

Ho spring ut på sørsida av fjellet Vlašić, nordaust for byen Valjevo, og munnar ut i Drina nær landsbyen Straža, like sør for byen Janja i Bosnia og Hercegovina.

Jadar ligg i nedslagsfeltet til Svartehavet og har sjølv eit nedbørområde på 894 km². Elva er berykta for flaumane som oppstår kvart år, og elva har derfor vorte regulert sidan 1988. Ho er likevel sterkt utsett for flaum, berre i 2005 skjedde det 12 gongar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]